Stipendiat i sannsynsteori
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- November 4, 2026
About this job
https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat i sannsynsteori Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i sannsynsteori. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå Universitetet i Bergen. Om prosjektet/arbeidsoppgåver Stillinga skal gje lovande kandidatar høve til å gjennomføre forsking på høgt nivå som fører fram til ein doktorgrad i sannsynsteori. Doktorgradsprosjektet vil ta opp grunnleggjande problemstillingar innan det breie fagområdet stokastiske prosessar på nettverk, med særleg vekt på modellar med langtrekkjande avhengnad og interaksjonar i rom og/eller tid. Stipendiaten vil verte ein del av eit aktivt og internasjonalt orientert forskingsmiljø og få høve til å samarbeide med forskarar ved partnarinstitusjonar i Europa. Prosjektet er knytt til det europeiske forskingsnettverket mSpace og gjev tilgang til workshopar, forskarskular og forskingsopphald. Kvalifikasjonar og eigenskapar Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk, anvendt matematikk eller statistikk. Masterstudenter kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.03.2027. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Kompetanse innan felt i matematikk eller statistikk på mastergradsnivå som er relevant for pågåande forsking ved Matematisk institutt er eit krav. Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar Erfaring på mastergradsnivå frå sannsynsteori og relaterte fagområde i teoretisk matematikk er ein fordel. Dokumentert kunnskap, ferdigheiter og erfaring innan eitt eller fleire av dei føljande fagområda er ein fordel: Stokastiske kjeder med uavgrensa minne Interagerande partikelsystem Matematisk statistisk mekanikk Tilfeldige nettverk Stokastisk geometri Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein fordel, da det er ønskeleg med kandidatar som kan undervise i førsteårsemnar. Skandinaviske språk likestillast med norsk. Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgande Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. Medlemskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane. namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. CV karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergrad må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing. relevante attestar godkjend dokumentasjon på at du oppfyller kr
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Byplanlegger i seksjon Private planer (1 fast stilling og 1 vikariat) · Plan- og bygningsetaten, Bergen kommune
- Helsefagarbeider i 100 % fast stilling! · Slettemarken behandlingssenter, Bergen kommune
- Er du jurist med interesse for anskaffelser og kontraktsforvaltning? · Fiskeridirektoratet
- Senior scientific project coordinator · NORCE Research AS
- We are seeking a Control System Engineer! · Folk AS
- We are seeking a Project QHSE Lead! · Folk AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card