Assisterande seksjonsleiar
Ambulanseområde Sunnfjord, Helse Førde · Førde
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Ambulanseområde Sunnfjord, Helse Førde
- Location
- Førde
- Posted
- November 4, 2026
About this job
Prehospital avdeling søkjer assisterande seksjonsleiar. Oppstart 01.01.2027 Stillinga er organisert i seksjon Sunnfjord og rapporterer til seksjonsleiar. Assisterande seksjonsleiar skal støtte seksjonsleiar i den daglege drifta og bidra til å møte dei aukande krava i ein kompleks og variert leiarkvardag. Assisterande seksjonsleiar medverkar til effektiv arbeidsflyt og samhandling på tvers av avdelinga, seksjonane og linjeorganisasjonen. Stillinga omfattar samarbeid med fagområda kompetanse og bemanning, samt stabsfunksjonar innan logistikk. Arbeidsoppgåvene kan endre seg basert på erfaringar med den ny organisasjonsstruktur. Som assisterande seksjonsleiar er du ein sentral del av leiinga i seksjonen og skal bidra til samanheng, stabil drift og god oppfølging av medarbeidarar og operativ verksemd. Arbeidsoppgåver Vere stedfortredar for seksjonsleiar og delta i avdelinga si utvida leiargruppe. Bidra til planlegging, bemanning, turnusarbeid og ressursstyring for å sikre forsvarleg drift og beredskap. Følgje opp personalforvaltning, inkludert medarbeidardialog, sjukefråvær, medarbeidarsamtalar og oppfølging av nytilsette, studentar, lærlingar og vikarar. Bidra til eit godt arbeidsmiljø gjennom tett samarbeid med tilsette og vaktleiarar. Delta i rekruttering, opplæring og systematisk kompetanseutvikling. Medverke i beredskapsarbeid, risikovurderingar, kvalitetsforbetring og oppfølging av avvik. Fremje samhandling på tvers av seksjonar og samarbeid med interne og eksterne aktørar. Sikre god informasjonsflyt, kommunisere tydeleg og vere tett på drift ved avdelinga og seksjonen sine stasjonar. Kvalifikasjonar Relevant helsefagleg bakgrunn, fortrinnsvis på bachelorgrad eller høgare. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning. Leiar/administrativ kompetanse/erfaring er ønskjeleg. Erfaring med turnusplanlegging, bemanningsstyring og personaloppfølging er ein fordel. God digital kompetanse og erfaring med relevante system. Erfaring med internkontroll, kvalitets- og forbetringsarbeid, inkludert avvikshandtering og oppfølging av tiltak er ønskjeleg. Personlege eigenskapar Strukturert, ansvarsbevisst og gjennomføringssterk. Tydeleg og trygg i leiarrolla, med god vurderings- og beslutningsevne. Gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar på tvers av fagmiljø. Motiverer og utviklar medarbeidarar, og bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø. Fleksibel, løysingsorientert og komfortabel med høgt arbeidstempo. Evne til å kombinere operativ nærleik med heilskapleg perspektiv og kontinuerleg forbetring. Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst. Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift) Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass Fagleg og personleg utvikling Sterkt tverrfagleg samarbeid Kompetanseutvikling i form av ei teneste i stor fagleg utvikling og eigen kompetanseplan Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon John Andor Ellingsund, Seksjonsleiar,, Leif Otto Halland, Kst avdelingssjef – prehospital avdeling,, Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5199521720 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 25.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Bli vår nye vaktleder i en tjeneste som skaper trygge reiser! · Avarn Security AS
- Kursansvarlig jobbsøkerkurs · Sirius Act As
- Vil du jobbe med mennesker og inkludering? · Sirius Act As
- Assistenter søkes til blid og smart muskelsyk 8-åring · Anonym arbeidsgiver
- Ønsker ringevikar til barnehagen · Epletunet aktivitetsBarnehage As
- Telekommunikasjonsmontør til InCase Systems AS – Bli med på vekstreisen! · InCase Systems AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card