Me treng fleire dyktige ringevikarar til barnehagane på Varhaug

Hå kommune Barnehagene Varhaug · Varhaug

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Hå kommune Barnehagene Varhaug
Location
Varhaug
Posted
October 28, 2026

About this job

Er du ein som brenn for barn, og som ønskjer å vera med på å skapa gode dagar i barnehagen? Varhaug Idrettsbarnehage, Lensmannsgarden barnehage og Trekløveren barnehage har behov for engasjerte og trygge ringevikarar som kan stilla opp ved behov. Arbeidsoppgåver Som vikar i barnehage vil du: • vera med på å skapa ein trygg, god og inkluderande kvardag for barna • delta aktivt i leik, aktivitetar og læringssituasjonar ute og inne • bidra i planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar • vera ein viktig medspelar i dei daglege gjeremåla i barnehagen • samarbeida godt med barn, føresette og tilsette Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar Me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, og som er god på: • relasjonar • samarbeid • inkludering I tillegg ønskjer me at du: • har godt humør og eit positivt engasjement • ser og tek vare på kvart enkelt barn • er varm, sensitiv og omsorgsfull • er fleksibel og kan stilla opp på kort varsel • likar å leika og vera aktiv saman med barna • kommuniserer godt på norsk Relevant erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar blir vektlagde høgt. Krav til stillinga • Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. barnehagelova § 30. • Du må ha gode norskkunnskapar i tråd med krav i barnehagelova. Me tilbyr • ein variert og meiningsfull arbeidskvardag • eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer • rettleiing og støtte ved behov • verdifull erfaring frå arbeid i barnehage Tilsetjing Intervju og tilsetjing skjer fortløpande. Me oppmodar derfor interesserte søkjarar til å senda inn søknad så snart som mogleg. Attestar og vitnemål Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, gif, jpeg, jpg eller png, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no ) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Politiattest Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding. Tilsetjingsvilkår Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free