Er du ein erfaren leiar som likar vekslinga mellom praktisk og administrativt arbeid?

Sunnfjord kyrkjelege fellesråd · Førde

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Sunnfjord kyrkjelege fellesråd
Location
Førde
Posted
October 21, 2026

About this job

Kyrkjene og kyrkjegarden betyr mykje for folk i Sunnfjord, her samlast vi i både sorg og glede. Fellesrådet ønskjer at både gravplassane og kyrkjebygga framstår velstelte, at forvaltninga er profesjonell og effektiv og at tilsette har gode rammer for sitt arbeid. No søkjer vi ein assisterande kyrkjeverje som skal bidra til nettopp dette. Du blir næraste leiarkollega og ein viktig sparringspartnar for kyrkjeverjen, og tek del i leiargruppa. Du får ansvar for gravplassdrifta og gravferdsforvaltninga, inkludert personalansvar for kyrkjegardsarbeidarar og kyrkjetenarar. Du har overordna ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og utstyr. Du planlegg vedlikehald, følgjer opp tiltak og leverandørar og har ansvar for HMS og brannvern. Dette er deg: Du har erfaring med personalleiing og trivst med både planmessig oppfølging og raske avklaringar. Du tilpassar deg endringar, held roen når det er travelt, tek initiativ og samarbeider godt. Du kommuniserer ope og tydeleg og byggjer tillit. Relevant høgare utdanning er ønskjeleg, men erfaring frå leiing eller drift kan vege opp Erfaring med bygg, vedlikehald, økonomi, innkjøp, prosjektleiing eller kyrkje- og gravplassforvaltning er nyttig. Du må ha førarkort klasse B, gjerne også BE. Du uttrykkjer deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Vi tilbyr: Ei sentral leiarstilling med breitt ansvar og høve til å forme arbeidsmåtane. Ein meiningsfull jobb i eit engasjert arbeidsfellesskap med mykje erfaring og kunnskap. Løn etter KA-tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP og Knif. Nysgjerrig? Ta gjerne kontakt med vår rådgivar i Human, Ole Magnus Hundvin på tlf: eller kyrkjeverje Sissel Vartdal på telefon for ein uforpliktande prat. Stillingstype: 100 % fast Arbeidsstad: Førde. Arbeidsområdet omfattar heile Sunnfjord kommune. Søknadsfrist: 29.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV, first one free