Instruktør
Møre og Romsdal Politidistrikt · Ålesund
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Møre og Romsdal Politidistrikt
- Location
- Ålesund
- Posted
- October 21, 2026
About this job
Om stillinga Vil du vere med å utvikle den operative kompetansen i politidistriktet? Møre og Romsdal politidistrikt har no ledig fast stilling som instruktør innan operative fag. Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk instruktør som ønskjer å bidra til å styrkje den operative beredskapen i Møre og Romsdal politidistrikt. Som instruktør innan operativ trening får du ei viktig rolle i å planleggje, gjennomføre, evaluere og vidareutvikle trening som sikrar at medarbeidarane våre er best mogleg rusta til å løyse samfunnsoppdraget. Vi ser etter deg som er ein god rollemodell for kollegaene dine og går føre som eit godt førebilete i tenesteutøvinga. Det blir stilt krav til at du kan organisere og leie andre, samstundes som du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne oppgåver. Stillinga er organisert under seksjon for operative fag, øving og beredskap ved Felles eining for operativ teneste (FOT). Oppmøtestad Ålesund. Fagleg sett ligg stillinga under fagleiar operative fag i seksjonen. Dagleg aktivitet vil innebere kontakt med alt operativt personell i politidistriktet, og andre relevante interne og eksterne samarbeidspartnarar. Vi oppfordrer særleg kvinner til å søkje på stilling som instruktør. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi søkjer etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåver planleggje, drifte, gjennomføre og evaluere operativ trening i politidistriktet, herunder også saman med eksterne samarbeidspartnarar gjennomføre risikoanalysar og tryggleiksvurderingar knytt til all operativ trening bidra til fagutvikling innan det operative fagområde gjennomføre trening som sikrar vedlikehald av eigen IP-status inngå i støtteliste for vakt og beredskap kvar tredje helg må pårekne beordringar til Politihøgskulen kan påleggast andre oppgåver Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: fullført og bestått politi(høg)skule minimum IP4-godkjenning brei operativ erfaring frå politi-/ lensmannsetaten god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga må kunne klarerast for sikkerheitsnivå HEMMELEG Det er også ønskjeleg med instruktørutdanning spesialutdanningsr IP3-godkjenning erfaring frå Politihøgskulen sine kurs/studier som instruktør og anna erfaring frå instruktørfaget Personlege eigenskapar For å trivast og lykkast i stillinga ser vi for oss at du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner har pedagogisk evne til å motivere medarbeidarar har høg grad av forståing for politiet si samfunnsrolle er nytenkande, fleksibel og heilskapleg orientert er sjølvstendig og strukturert med stor arbeidskapasitet Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss ein utfordrande og spennande arbeidsplass på seksjon for operative fag, øving og beredskap eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer fast stilling som politioverbetjent/instruktør (stillingskode 0287) med årslønn frå kr. 690 000 godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no.Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse. tilknyting til bedriftshelseteneste moglegheit for trening i arbeidstida Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Slik søkjer du Du søkjer ved å skrive ein søknad, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar. Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette. Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknade
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Mani søker ekstrahjelp · Mani
- Skap trygge, lekne og lærerike hverdager for barn! · Adecco Norge AS
- Helsefagarbeider/sykepleierstudent fra 2 år · Øyeblikkeleg hjelp døgnavdeling (ØHD), Ålesund kommune
- Prosjektleder · Kommunalområde Helse, Ålesund kommune
- Fagansvarleg innan operativ kriminalanalyse/operativ kriminalanalytikar · Møre og Romsdal Politidistrikt
- 40% vikariat som BPA-assistent søkes til dame i 40-årene · Prima Assistanse avdeling Møre og Romsdal
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card