Rådgjevar - vikariat energi

NPI - Grøn vekst, klima og energi, Vestland fylkeskommune · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
NPI - Grøn vekst, klima og energi, Vestland fylkeskommune
Location
Bergen
Posted
October 20, 2026

About this job

Stillinga har hovudvekt på sakshandsaming av høyringssaker knytt til kraftnett og ny fornybar energiproduksjon. I tillegg vil du arbeide med innspel til høyringar om lov og forskriftsendringar på energiområdet. Du vil få ein sentral rolle i fylkeskommunen sitt energifaglege arbeid, og vil koordinere innspel frå ulike delar av organisasjonen. Stillinga er eit vikariat, då vår faste medarbeidar på feltet skal ut i foreldrepermisjon. Arbeidsoppgåver Sakshandsame høyringssaker om kraftnett og ny fornybar energiproduksjon, og utarbeide fylkeskommunen sine høyringssvar Følgje med på og gje innspel til høyringar om lov og forskriftsendringar på energifeltet Gjere energifaglege vurderingar som grunnlag for fylkeskommunen sine uttalar og vedtak Koordinere innspel frå ulike delar av fylkeskommunen slik at høyringssvara er heilskaplege og godt forankra Skrive politiske saker til folkevalde organ om aktuelle energisaker som er ute på høyring Halde oversikt over høyringsfristar og bidra til god framdrift i sakshandsaminga Byggje og halde ved like kontakt med relevante samarbeidspartar, til dømes nettselskap, energiselskap, statlege styresmakter og andre regionale aktørar Bidra til fagleg oppdatering internt om utviklinga på energi og kraftnettfeltet Samarbeide med kollegaer for å samle opplysningar til gode saksgrunnlag Kvalifikasjonar Vi søkjer deg som har: relevant høgare utdanning, til dømes innan energi, energirett, samfunnsplanlegging, statsvitskap, jus eller tilsvarande (master er ønskjeleg, men relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav). Vi oppfordrar også nyutdanna å søke. Søkjarar med mastergrad vil bli tilsett som rådgjevar. Søkjarar med bachelorgrad vil bli tilsett som spesialkonsulent kjennskap til energisektoren, kraftnett og/eller fornybar energiproduksjon erfaring med sakshandsaming i offentleg forvaltning, gjerne med politiske saker god skriftleg framstillingsevne og evne til å formidle fagleg innhald på ein forståeleg måte evne til å koordinere og samarbeide på tvers av fagmiljø sjølvstendig arbeidsform, god struktur og evne til å halde fristar kjennskap til kraft- og energisituasjonen i Vestland Det er ein fordel om du har kjennskap til regelverk på energiområdet og erfaring med høyringsprosessar i offentleg sektor. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig har gode samarbeids- og gjennomføringsevner er god til å opprette gode relasjonar har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, og kan nytte nynorsk som arbeidsspråk er samfunnsinteressert og har gode allmennkunnskaper er strukturert Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på i rekrutteringa. Vi tilbyr Hos oss får du: ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse gode moglegheiter for fagleg utvikling løn etter avtale mogligheit for heimekontor gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar Kontorstad er Bergen. Det kan vere aktuelt med Florø som kontorplass, om det er ønskeleg for den som vert tilsett og praktiske spørsmål rundt kontorplass let seg løyse. Kontaktinformasjon Sølve Dag Sondbø, seksjonssjef, Arbeidsstad Lars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5195815926 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 30.11.2026 Sluttdato: 30.09.2027 Søknadsfrist: 04.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free