Ringevikarar til Dråpeslottet og Vassloppa barnehagar
Samnanger kommune · Tysse
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Samnanger kommune
- Location
- Tysse
- Posted
- October 19, 2026
About this job
Om stillingane Me søkjer ringevikarar som ønskjer å arbeide med barn i ein aktiv og meiningsfull kvardag. Som ringevikar bidreg du til tryggleik, leik, omsorg og gode opplevingar for barna. Me ser etter deg som er fleksibel, ansvarsfull og har gode samarbeidsevner. Erfaring frå barnehage er ein fordel, men ikkje eit krav. Me treng vikarar til dei to kommunale barnehagane våre. Dråpeslottet og Vassloppa barnehagar er gode stader å vera, leika og læra. Me er to barnehagar med trygge, erfarne og kvalifiserte tilsette som arbeider for at alle barn skal oppleva fellesskap, meistring og glede i kvardagen. I Dråpeslottet på Gjerde er me tett på både Samnanger barneskule, naturen og sjøen. Barnehagen har fellesrom som inviterer til leik og vennskap på tvers av avdelingane. Vassloppa barnehage ligg nær Bjørkheim sentrum og har romslege lokale, eigen gymsal og eit stort, variert uteområde. Naturen og det flotte turterrenget rett utanfor porten gir gode høve til aktiv leik og utforsking. Visjonen vår er: «Ein god stad å vera, ein god stad å leika og læra.» Arbeidsoppgåver Deltaking i det pedagogiske arbeidet Bidra til å skape trivsel, tryggleik og utvikling for alle barn. Vera ein engasjert bidragsytar i barnehagekvardagen og i barna sin leik inne og ute Vera interessert i barna si utviking og medverknad i kvardagen Vera med å ivareta eit godt samarbeid med foreldre Kvalifikasjonar Krav Gode norskkunnskapar. For søkjar utanfor Skandinavia må ein ha bestått norskprøve B2 skritleg og munnleg. Dette må dokumenterast. Levera politiattest før oppstart Levere sjølværklæring om Tuberkulose Gode kommunikasjons- og formidlingsevner Ønskjer Barne- og ungdomsarbeider utdanning eller anna relevant utdanning Erfaring fra arbeid med mennesker Personlege eigenskapar Ha barna i fokus Ta initativ og visa sjølvstende til å gjennomføra planar og idear Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner både med barn og vaksne Vera god på å bygga relasjonar Trivast i eit hektisk miljø der mykje skjer samtidig Løysingsorientert og imøtekommande Me tilbyr Eit friskt og godt arbeidsmiljø Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med faglege og løysingsorienterte medarbeiarar Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring Fleksible arbeidstidsordningar Gode velferdsordningar Arbeidstilhøve Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte til å søkja jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn. Dersom du har utanlandsk utdanning, må denne vera godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Vil du bidra til en tryggere reisehverdag i Troms? Bli billettkontrollør i Avarn Security! · Avarn Security AS
- Renholder deltid Drammen · Ahn Renholdservice As
- Brukerstyrt personlig assistent (BPA) · MIO BPA AS AVD BPA
- Bilmekaniker · People Hønefoss
- Er du aktiv, spontan og fleksibel? Bli med på laget! · Mio BPA
- Småtroll Barnehage søker barnehagelærer i 20% · Småtroll Barnehage
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card