100% vikariat som kantor/kyrkjemusikar i Sauda
Sauda kyrkjelege fellesråd · Sauda
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Sauda kyrkjelege fellesråd
- Location
- Sauda
- Posted
- October 20, 2026
About this job
Vil du vera med å setja preg på musikklivet i Sauda? Me søkjer ein engasjert og fleksibel musikar til eit vikariat i full stilling. Sauda ligg vakkert til ved enden av ein fjord omkransa av flotte fjell, ein liten by der det skjer mykje, med rikt organisasjonsliv og mange arrangement. Me kan lokka med eit flott, særprega kulturhus i Folkets Hus, symjehall med heilårs oppvarma utebasseng, skitrekk, klatrehall, flotte tennis-, golf- og minigolfbanar, rekreasjonsområde, og ikkje minst mange fine turar både sommar og vinter. Me søkjer nokon som kan tiltre 1. januar 2027 og jobba fram til 13. juni 2027, men det kan vera aktuelt å få forlenga vikariatet med ytterlegare eitt år. Vår fast tilsette organist kan eventuelt dekka påske 2027, dersom søkjaren ønskjer ferie i denne perioden. Stillinga er nokså romsleg, og det er venta at søkjaren bidrar utover dei obligatoriske kyrkjelege handlingane, etter tid, evne og behov. Dette kan vera korverksemd, konsertar, samarbeid med solistar/forsongarar, orgelundervisning, trusopplæring, administrasjon, IT, bidra til kyrkjebladet, diakonalt arbeid, etc. Me søkjer musikarar som er komfortable i fleire sjangrar. Søkjaren bør beherska både orgel og piano til eit visst nivå, men må gjerne bruka andre instrument i tenesta. Ei god stemme kjem òg godt med. Bygg og instrument Sauda kyrkje har to mekaniske barokkorgel frå Verschueren: hovudorgelet frå 2002 (2 manualar og pedalar, 19 stemmer) og eit lite kororgel frå 2000. I tillegg er det utstyrt med eit godt Yamaha-piano. I Saudasjøen kapell står eit svært bra flygel frå Grotrian-Steinweg, samt eit orgel frå 1978 frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk (2 manualer, pedalar, svellpedal, 11 stemmer). Gravkapellet på Solbrekk er utstyrt med eit enklare 1-manuals orgel med 5 stemmer og eit Fazer-piano. Hellandsbygd kapell har eit 1-manuals orgel med 3 stemmer. Arbeidstid Tre arbeidshelger i månaden, fri måndagar og dei fleste laurdagar (dei fleste vigslene er på sommaren). Utover høgtider og særskilde arrangement, er det éi gudsteneste kvar søndag, gravferder kvardagar utanom måndagar, gamleheimsandaktar på torsdagar. Arbeidstida er nokså fleksibel, og det er rom for å avspasera ein del dagar. Arbeidsoppgåver Planlegga og gjennomføra gudstenester og kyrkjelege handlingar i samarbeid med prest og stab Leia og utvikla konsertar og annan kulturell verksemd Orgelundervisning Samarbeida med øvrig musikkliv, solistar og songarar Ansvar for instrument Delta i stabsmøte samt noko administrativt arbeid (ikkje mykje) Hjelpa til i øvrig arbeid, etter tid og evne Kvalifikasjonar Kyrkjemusikalsk utdanning jf. tenesteordninga for kantorar i DNK Andre søkjarar med høgare musikkutdanning vil òg bli vurdert, men blir då tilsett som organist/kyrkjemusikar Medlem av Den norske kyrkja Politiattest Beherskar norsk munnleg og skriftleg Aktuelle kandidatar blir innkalt til intervju og prøvespel Må disponera bil eller sykkel Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner og fleksibilitet Tek initiativ, kan arbeida sjølvstendig Me tilbyr Fleksibel arbeidstid Eige kontor på Sauda kyrkjekontor Løn og godtgjersle etter KA-tariff og pensjonsordning i KLP Gode øvingslokale og instrument Hjelp til å finna mellombels bustad (Sauda har låge leigeprisar og korte avstandar)
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Ønsker du å bli en del av vårt kompetansesterke juridiske fagmiljø? · Fiskeridirektoratet
- Er du jurist med interesse for anskaffelser og kontraktsforvaltning? · Fiskeridirektoratet
- Ledig 100% stilling sjukepleier, vernepleier eller sosionom med vidareutdanning i rus og psykisk helse. · Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste
- Renholder til bassengområde, garderober, badstue, toalett og dusjer i treningssenter · Montebello Bad og Trim AS
- Servicehelt 20 % stilling · Pizzabakeren Blindheim
- Innkjøpsansvarlig / Supply Chain Manager · Elotec AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card