Psykologspesialist/psykolog - 50 % fast
Bufetat · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Bufetat
- Location
- Bergen
- Posted
- October 18, 2026
About this job
Om stillinga og arbeidsstaden Ved Senter for foreldre og barn, region vest, har vi ledig fast stilling som psykologspesialist i 50% stilling. Stillinga er i første rekke knytt til avdelinga i Førde. Det kan vere aktuelt å ha kontorstad i Bergen, der ein vil få høve til å inngå i eit fagleg psykologfellesskap. Samstundes må ein rekne med jamlege reiser til avdelinga i Førde. Ved Senter for foreldre og barn jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjoner og jobbar med kartlegging, samspelsobservasjonar, rettleiing og behandling. Alltid med barnet sitt perspektiv og behov som kompass. Senter for foreldre og barn, region vest, har avdelingar plassert i Førde, Bergen og Stavanger. Målgruppa vår er barn frå 0-6 år, der dei yngste i aldersgruppa 0-2 år vert prioritert. Kjerneoppgåva vår er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2 og 2-3. Senteret kan ved ledig kapasitet tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheitar og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn. Senteret jobbar både heimebasert, poliklinisk og døgnbasert. Det er eit tverrfagleg miljø med psykolog, fagkonsulentar og nattevakter. Vi ynskjer eit miljø der vi arbeider saman og vil kvarandre vel. Vi er opptatt av kunnskapsdeling og arbeider aktivt for å utvikle kompetansen vår i eit positivt, støttande og inkluderande miljø. Arbeidsoppgåver Dette får du jobbe med hos oss: Bistå i utgreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§ 2-2, 2-3 og 3-1. Bistå i utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen; foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel. Utøve oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn. Kvalitetssikring av utgreiingsarbeid og kartleggingsverktøy. Utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid. Bistå med fagleg kompetanse til senteret sine tilsette og våre samarbeidspartar. Vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling hjå oss. Rettleiing av kolleger i eininga. Samarbeid på tvers med andre psykologar i eininga. Bistå andre senter i eininga ved behov. Kva bakgrunn har du? Må-krav: Autorisert psykolog med godkjend spesialistutdanning, primært innan innan klinisk barne- og ungdomspsykologi, familiepsykologi, samfunnspsykologi, men klinisk vaksen vil også være aktuelt. Autorisert psykolog kan vurderast, men det er då ønskjeleg med påbegynt spesialisering innanfor relevant fagområde. Erfaring med utgreiing og rettleiing. Erfaring med vurdering av foreldrefungering og arbeid med familiar i risikosituasjonar. Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter og ei trygg rolleutøving. God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Gode digitale ferdigheiter og forståing. Førarkort personbil. Bør-krav: Sertifisering/ferdigheiter i relevante metodar i barnevernsfagleg arbeid. Psykologfagleg erfaring knytt til utgreiingsarbeid og tiltaksarbeid med sped- og små barn. Undervisningserfaring. Har ei allsidig og brei erfaring, og samtidig eit særskilt engasjement for dei minste barna. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som har lyst til å bringe psykologfaget tydelegare inn i barnevernsarbeidet. Du tilfører nye perspektiv og idear inn i teamet og kan utfordre etablert praksis. Du er lærevillig òg nysgjerrig og villig til å utvikle deg saman med resten av teamet. Du har erfaring frå arbeid med dei minste borna og foreldra deira, og du trivst i skjæringspunktet mellom kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing. Du organiserer arbeidsdagen din, tar ansvar og bidrar til et godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt. Du er typen som både kan vere varm og tydeleg i møte med familiar og samarbeidspartnarar - og som toler at ingen dagar er heilt like. Kva får du hos oss? Stillinga som psykolog/psykologspesialist er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr 690.000 - 750.000 pr. år, stillingskode 0795 spesialpsykolog, p.t. kr. 750.000 - 850.000 pr. år eller stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 850.000 - 950.000 pr. år. Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Høgare løn kan bli vurdert ved særskild kompetanse. Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte. Elles kan vi tilby: Ein meiningsfull jobb med stor betydning for barn og familiar. Eit inkluderande og engasjert fagmiljø med høg kompetanse. Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing. Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende. Fleksibel arbeidstid og høve til å trene i arbeidstida. Moglegheita til å vere med og forme framtidas tilbod til små barn og familiar. Opplysningar til deg som søkjar Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av k
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Fem måneders fastlegevikariat på Vestlandet fra februar · Dignus Medical - Kletor AS
- På vegne av kunde søker vi nå etter Team Lead! · Folk AS
- Saksbehandler søkes til trivelig arbeidsmiljø · Adecco Norge AS
- Stipendiat mellombels · Universitetet i Bergen
- Bofellesskap søker Ergoterapeut! · Landåsveien 33 bofellesskap, Bergen kommune
- Rådgjevar · NPI - Innovasjonsinfrastruktur, Vestland fylkeskommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card