Etterforskar

Møre og Romsdal Politidistrikt · Ålesund

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Møre og Romsdal Politidistrikt
Location
Ålesund
Salary
680 000 k
Posted
October 18, 2026

About this job

Om stillinga Ønskjer du ein meningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Ålesund politistasjon? Vi har no ledig fleire faste stillingar som etterforskar. Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. I periodar må ein pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga. Ålesund og Sunnmøre byr på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikjøring eller anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Ålesund? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver etterforskingsoppgåver sørgje for effektivitet og høg kvalitet i etterforskingsarbeidet kriminalitetsførebyggande arbeid krimvakt samarbeid i grupper ved etterforsking av større saker utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga bidra med rettleiing og opplæring/kompetansehevande tiltak ved eininga moglegheit for støtteliste ved vakt og beredskap i Ålesund kvar fjerde helg (krev minimum IP4-godkjenning) delta i operative aksjonar i regi av eige avsnitt eller som bistand til andre avsnitt/einingar kan påleggast andre arbeidsoppgåver Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vere kvalifisert: fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga. Det er også ønskjeleg med: erfaring frå politistilling gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen erfaring frå etterforsking utover PHS etter/-vidareutdanning innan etterforsking anna relevant tilleggsutdanning/kurs/erfaring Personlege eigenskapar motivasjon og interesse for etterforskingsfaget gode samarbeidsevner strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheter ønskjer fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her. Dette kan vi tilby om du vel oss ei utfordrande og meiningsfull fast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457).Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter. Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000 Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000 Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr 610 000 for særskilt kvalifiserte kandidatar kan stillingskode som politiførstebetjent eller politioverbetjent bli vurdert, jamfør lokale retningslinjer for etterforskningsløftet, politiførstebetjent brutto årslønn frå kr. 650 00 til kr 720 000, politioverbetjent brutto årslønn frå 680 000 kr. til kr 760 000. ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse mogelegheit for trening i arbeidstida Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste Tilsetting skjer på vilkår fast

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free