Lærling automasjon
SFE AS · Svelgen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first, in 30 seconds. The first check is free.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- SFE AS
- Location
- Svelgen
- Posted
- October 17, 2026
About this job
SFE er ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Kvar dag jobbar vi for å sikre trygg og stabil kraftproduksjon frå våre vasskraftverk, og vi treng dyktige fagfolk også i framtida. Vi er godkjend lærebedrift innan automasjonsfaget og tek kvart år inn nye lærlingar ved kraftverka våre. No søkjer vi deg som ønskjer ei spennande og lærerik læretid i ei framtidsretta næring. Kva jobbar ein automatikar med i kraftbransjen? Som automatikarlærling får du arbeide med drift, vedlikehald og vidareutvikling av styre-, regulerings- og overvakingssystem som er avgjerande for kraftproduksjonen vår. Du vil vere med på å sikre at avanserte tekniske anlegg fungerer trygt og effektivt. Gjennom læretida får du arbeide med instrumentering, sensorar, kontrollanlegg, PLS-system, feilsøking og vedlikehald av automatiserte prosessar. Du vil samarbeide tett med erfarne fagarbeidarar, ingeniørar og andre spesialistar i eit tverrfagleg miljø. Som lærling i SFE får du opplæring i tråd med læreplanen for automasjonsfaget tett oppfølging frå fagleg leiar og instruktørar erfaring frå drift, vedlikehold og prosjekt i våre kraftverk arbeide med moderne teknologi og kritisk infrastruktur vere ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø gode velferdsordningar Vi ser etter deg som er nysgjerrig og har interesse for teknologi, automasjon og digitale løysingar, likar å finne årsaker til feil og løyse tekniske utfordringar, er praktisk anlagt og ønskjer å lære gjennom erfaring, er ansvarsbevisst og har fokus på kvalitet i arbeidet, samarbeider godt med andre, og som sjølvsagt har eit stort fokus på tryggleik og ønskjer å bidra til eit godt HMS-miljø. Kvifor velje SFE? I SFE får du jobbe med straumproduksjon - som er avgjerande for samfunnet vi lev i. Arbeidet du gjer som lærling er ein viktig del av verdikjeda, og bidreg til at anlegga våre blir drivne sikkert, effektivt og framtidsretta. Vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt, det sterke fokuset på HMS og den høge faglege kompetansen i organisasjonen. Hos oss blir du teken på alvor, får ansvar undervegs og gode moglegheiter til utvikling. Som lærling i automasjonsfaget kan du ha oppmøtestad i Ålfoten eller i Svelgen, begge i Bremanger kommune. Vil du starte karrieren din i fornybarnæringa? Då håpar vi å høyre frå deg. For spørsmål ta kontakt med leiar kraftverksdrift Jens Gule på telefon.
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role in 30 seconds. The first check is free.
Similar jobs
- Ledig 100% stilling sjukepleier, vernepleier eller sosionom med vidareutdanning i rus og psykisk helse. · Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste
- Renholder til bassengområde, garderober, badstue, toalett og dusjer i treningssenter · Montebello Bad og Trim AS
- Servicehelt 20 % stilling · Pizzabakeren Blindheim
- Innkjøpsansvarlig / Supply Chain Manager · Elotec AS
- Bli vår nye vaktleder i en tjeneste som skaper trygge reiser! · Avarn Security AS
- Kursansvarlig jobbsøkerkurs · Sirius Act As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card