Stipendiat ved Klinisk institutt 1
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- October 15, 2026
About this job
https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Senter for ernæring, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på fire (4) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” NutriCa65 ”, finansiert av EU programmet Horizon Europe og Universitetet i Bergen. Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % karrierefremmande, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Karrierefremmande kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet. Om prosjektet/arbeidsoppgåver Vere med på å gjennomføre to kliniske studiar med persontilpassa ernæringsbehandling for kreftpasientar, både ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen og ved Københavns Universitetshospital, avdelingane Herlev og Gentofte Hospital. Dette inneber eit opphald i København på om lag 10 månader. Rekruttering og oppfølging av pasientar i studiane. Koordinering av kliniske studiar og samarbeid med studiepartnarar i EU. Analyse og publisering av studieresultat knytte til livskvalitet, ernæringsstatus og fysisk funksjon. Deltaking i fagforumet for kliniske ernæringsfysiologar (Dietitians’ Forum) i prosjektet NutriCa65 og utvikling av opplæringsmateriell i samarbeid med EFAD. Analyse av ein smarttelefonapplikasjon retta mot kreftpasientar Kvalifikasjonar og eigenskapar Søkjar må ha fullført mastergrad i klinisk ernæring og inneha autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog i Norge. Det er krav om kunnskaper på minimum C2 nivå. Arbeidserfaring som klinisk ernæringsfysiolog med kreftpasienter vil telje positivt. Erfaring med innsamling av antropometriske data og måling av energibehov med bruk av indirekte kalorimetri vil bli vektlagd. Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner, Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt God skriftleg og munnleg norsk og engelsk, sjå dokumentasjonskrav for engelsk. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga. Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB Sjå krav om engelsk-kunnskapar: http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet Forskarutdanning (Ph.d.-programmet) Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagde arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga. Stipendiatstilling: Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Vi tilbyr Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø Løn for tida kr 600 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 615 000 (For søkjarar som er autorisert som lege eller tannlege, må dokumentasjon på norsk autorisasjon leggjast ved søknaden). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 635 000 (For søkjarar som har spesialistutdanning, må det leggjast ved spesialistgodkjenning frå Helsedirektoratet.) Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde Ei kort utgreiing om søkjar
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Fem måneders fastlegevikariat på Vestlandet fra februar · Dignus Medical - Kletor AS
- På vegne av kunde søker vi nå etter Team Lead! · Folk AS
- Saksbehandler søkes til trivelig arbeidsmiljø · Adecco Norge AS
- Stipendiat mellombels · Universitetet i Bergen
- Bofellesskap søker Ergoterapeut! · Landåsveien 33 bofellesskap, Bergen kommune
- Rådgjevar · NPI - Innovasjonsinfrastruktur, Vestland fylkeskommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card