Rådgjevar/administrativ koordinator ved Institutt for geovitenskap
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- October 13, 2026
About this job
https://youtu.be/M5n6RnScNgA Rådgjevar Ved Institutt for geovitskap er det eit ledig vikariat i 100% stilling som rådgjevar / administrativ koordinator for det nasjonale nettverket Centre for Integrated Earth System Education (iEarth) og Centre for Mountains in Transitions (CMT). Vikariatet er for 9 månader, med moglegheit for forlenging. Ønska oppstart i stillinga er 4. januar 2027. Ansvarsomårde og arbeidsoppgåver: Stillinga har arbeidsplass ved Institutt for geovitskap (GEO) og vil vere ein del av administrasjonen ved GEO. Den tilsette vil ha ei sentral rolle knytt til administrativ koordinering av både lokale og nasjonale aktivitetar innan utdanning, samhandling og forsking. Stillinga omfattar administrativ koordinering av det nasjonale geovitskaplege nettverket iEarth, administrativ koordinering av Centre for Mountains in Transition (CMT), samt studieadministrative oppgåver ved instituttet. Den tilsette vil arbeide tett med fagleg leiing, forskarar, studentar og administrativ stab, og bidra til å sikre god drift, samhandling og utvikling på tvers av fleire satsingar. iEarth er eit nasjonalt nettverk innan geovitskapleg utdanning, etablert gjennom ordninga Senter for framifrå utdanning (SFU). Etter at SFU-finansieringa vert avslutta, skal nettverket bli vidareført med same målsetjing om å styrke kvaliteten på geovitskapleg utdanning gjennom lokalt og nasjonalt samarbeid. Centre for Mountains in Transition (CMT) er eit forskingssenter som samlar forskarar og samarbeidspartnarar kring forsking på fjellområde i endring. Stillinga vil bidra til den administrative drifta av senteret og støtte opp under aktivitetar, arrangement og kommunikasjon. Stillinga omfattar òg administrativt ansvar for GEOV298 Geopraksis, inkludert koordinering mellom studentar, fagmiljø og praksisvertar. Den som vert tilsett, vil samarbeide tett med studieadministrasjonen ved instituttet. Døme på sentrale arbeidsoppgåver er: Administrasjon av iEarth lokalt Koordinasjon av det nasjonale nettverket. Studentkontakt med studentrepresentantar nasjonalt og lokalt. Administrativ koordinering av CMT Dokumentasjonsarbeid og rapportering Administrativt ansvar for Geopraksis. Sikre overordna drift, inkludert drift av websider, samt utvikling og framdrift av nettverket sine aktivitetar i samsvar med prosjektplanen. Organisering av konferansar og møter. Innkjøpsansvar for iEarth-nettverket. Vere ein brubyggar mellom vitskapleg tilsette, studentar og administrasjonen gjennom lokale undervisningsmøter. Oppfølging av forskingsprosjektet innan utdanningsfeltet i tett samarbeid med forskingsrådgjevar ved Institutt for geovitskap. Samarbeide med studieadministrasjonen ved Institutt for geovitskap om utvikling av undervisning og studieprogram. Næraste overordna er fagleg ansvarleg for iEarth, og nettverkskoordinator rapporterer til denne. Stillinga inngår i den administrative staben ved Institutt for geovitskap og har administrasjonssjefen som personalleiar. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Kvalifikasjonar: Søkjar må ha relevant utdanning på masternivå. Relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning. Relevant praksis og dokumentert erfaring frå prosjektkoordinering og utdanningsutvikling er eit krav. Søkjar må ha god kjennskap til Office 365. Søkjar må ha erfaring med formidlingsarbeid, og dokumentert erfaring med å formidle munnleg og skriftleg på begge målformer og engelsk. Gode skriftlege ferdigheiter på både engelsk og norsk er eit krav. Erfaring med drift av websider og sosiale media er ein føremon. Personlege eigenskapar: evne til å ha oversikt, vere utviklingsorientert og raskt tileigne seg ny kunnskap. sjølvstendig, initiativrik og kreativ. systematisk og løysingsorientert med god gjennomføringsevne. effektiv, fleksibel og serviceinnstilt. gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjarane vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Vi kan tilby: Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønnsspenn kr 642 000 – 700 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor og senterleiar Jostein Bakke, e-post:, telefon eller administrasjonssjef Andrea Grimnes, e-post:, telefon. For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte HR-rådgjevar Mathilde Høgalmen, e-post:. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religio
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Fem måneders fastlegevikariat på Vestlandet fra februar · Dignus Medical - Kletor AS
- På vegne av kunde søker vi nå etter Team Lead! · Folk AS
- Saksbehandler søkes til trivelig arbeidsmiljø · Adecco Norge AS
- Stipendiat mellombels · Universitetet i Bergen
- Bofellesskap søker Ergoterapeut! · Landåsveien 33 bofellesskap, Bergen kommune
- Rådgjevar · NPI - Innovasjonsinfrastruktur, Vestland fylkeskommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card