Kommunikasjonsrådgjevar ved Det humanistiske fakultet
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- October 11, 2026
About this job
https://youtu.be/M5n6RnScNgA Fast stilling som kommunikasjonsrådgjevar Er du motivert for å vere ei drivkraft i kommunikasjonsarbeidet ved eit ambisiøst fakultet? Velkomen som søkjar til ei fast 100 % stilling som kommunikasjonsrådgjevar og web-ansvarleg ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen. Vi søkjer ein dyktig kommunikasjonsrådgjevar som kan arbeide både strategisk og operativt i eit breitt kommunikasjonsfagleg landskap. Det er ønskeleg med oppstart så snart som mogleg. Om arbeidsplassen Det humanistiske fakultet (HF) har ein ambisiøs strategi, ein stor og spanande fagportefølje og mange framifrå forskingsmiljø og forskarar. Fakultetet er sett saman av fire institutt, som er grunneiningane for forsking, undervising og formidling, og har også administrativt ansvar for to tverrfakultære senter. Fakultetet har om lag 3700 studentar og 460 tilsette. Her finn du meir informasjon om Det humanistiske fakultet. Stillinga er knytt til Seksjon for forsking og formidling ved fakultetsadministrasjonen. Du vil jobbe tett med leiing på ulike nivå og på tvers av faglege og administrative fagfelt. Stillinga har ei dreiing mot arbeid med nettsider og formidling av forsking og utdanning, men har også andre viktige oppgåver. Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere: Formidling av forsking og utdanning: bidra til å utarbeide og gjennomføre kommunikasjonsplanar arbeide med å synleggjere satsingsområde, utdanningsportefølje og forsking arbeide for å gjere fakultetets verksemd synleg i offentlegheita Ansvar for fakultetet sine nettsider og andre digitale flater: vere operativ webredaktør med ansvar for forvalting og utvikling av fakultet sine nettsider, i samråd med fakultetsleiinga og UiBs kommunikasjonsavdeling produsere og kvalitetssikre innhald (tekst, layout, video og bilete) for ulike digitale kanalar og sosiale medium leie nettverk for lokale webkontaktar ved fakultets einingar, inkludert opplæring og oppfølging representere HF i relevante nettverk ved UiB og bidra til godt samarbeid mellom nivåa Kommunikasjonsrådgiving: gje kommunikasjonsfaglege råd til fakultetsleiinga og leiinga ved institutt/senter, og til lokale webkontaktar bidra kommunikasjonsfagleg i aktivitetar knytt til marknadsføring av studietilbod og studentrekruttering vedlikehalde og vidareutvikle interne kommunikasjonskanalar og arbeide for god intern informasjonsflyt på fakultetet delta i produksjon og formidling av nyheiter om verksemda ved fakultetet bidra i planlegging og gjennomføring av arrangement (som seremoniar og konferansar) Det er ein føresetnad at du oppdaterer deg fagleg og bidreg til utviklinga av eit felt som stadig er i endring. Du må vere open for endringar i oppgåver og nye arbeidsfelt. Alle i administrasjonen må vere førebudde på å ta del i felles arbeidsoppgåver. Kvalifikasjonar: Det er krav om relevant utdanning på mastergradsnivå. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere delvis for manglande formell utdanning. Relevant kommunikasjonsfagleg arbeidserfaring er ein føresetnad. Du må ha god kompetanse og arbeidserfaring frå digitale kommunikasjonsverktøy og sosiale medium. Du må ha svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk. Du må ha erfaring med å skrive tekst for ulike målgrupper. Du bør meistre tekstsjangrar som tale og kronikk og kunne skrive tekstar for andre. Du bør ha forståing og interesse for humanistiske fag og deira plass i samfunnet. I tillegg ønsker vi at du: er ansvarleg og løysingsorientert samarbeider og kommuniserer godt arbeider nøyaktig, systematisk, analytisk og har god gjennomføringsevne er sjølvstendig, serviceinnstilt og initiativrik taklar høgt arbeidstempo med krevjande arbeidsoppgåver og korte tidsfristar er positiv, raus og inkluderande og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø er ein god lagspelar og relasjonsbyggar Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Vi kan tilby: eit sosialt, fagleg og utviklande arbeidsmiljø ein trygg og fleksibel arbeidskvardag, med fleksitid, sommartid frå mai til september, og moglegheit for heimekontor etter avtale gode velferdsordningar, mellom anna ulike kultur- og idrettstilbod inkludert moglegheit til trening i arbeidstida ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur Løn som rådgjevar (kode 1434) med ei brutto årsløn på mellom kr. 700 000- 750 000 – avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, moglegheit for uføre- og etterlatnepensjon, samt tilgang til gunstige bustadlån. Slik søkjer du stillinga: Søknaden skal sendast
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Autorisert helsesekretær / pasientkoordinator – 50 % stilling · Ileana As
- Fostermor - fosterfar · Right Bemanning As
- BPA-assistent søkes på Landås– vil du være mine øyne i hverdagen? · Medvind Assistanse AS
- Vil du bruke kommunikasjon til å utvikle bedre offentlige tjenester? · Fiskeridirektoratet
- Teamleder · Norasondegruppen
- Spesialingeniør/ instrumentansvarleg · Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card