Rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling

NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet · Ålesund

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Location
Ålesund
Posted
October 11, 2026

About this job

Dette er NTNU NTNU er eit breiddeuniversitet med ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil og eit tyngdepunkt innan profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i Ålesund, Gjøvik og Trondheim, der Trondheim er hovudsete. På NTNU jobbar over 8300 tilsette og 43 000 studentar med å skape kunnskap for ei betre verd. NTNU i Ålesund består av fem institutt og har fagleg hovudprofil innanfor hav, helse, teknologi og internasjonal business. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_KHQjc4ndas&t=41s Som rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling vil du få vere med å utvikle korleis NTNU forvaltar, deler og nyttar informasjon på ein framtidsretta og berekraftig måte. I denne stillinga får du arbeide i skjeringspunktet der teknologi møter fag og menneske. Du vil støtte tilsette i arbeidskvardagen, gjere komplekse tema forståelege og bidra til smartare og meir brukarvennlege arbeidsprosessar. NTNU moderniserar no saksbehandlings- og arkivområdet, mellom anna gjennom overgangen frå Elements til WebSak. Du får høve til å ta del i denne utviklinga og bidra med opplæring, rådgiving, systemstøtte og forbetring av digitale løysingar. Ved NTNU får du ein variert arbeidskvardag, ei brei kontaktflate og høve til å påverke utviklinga av fagområdet. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø som deler kunnskap, utforskar nye løysingar og samarbeider på tvers av campusane ved NTNU. Arbeidsplassen din er ved campus Ålesund, med tett samarbeid med kollega ved NTNUs øvrige campus. Du får ei sentral rolle i utviklinga av framtidas informasjonsforvaltning ved NTNU, samt varierte arbeidsoppgåver innan digitalisering, automatisering, KI og nye systemløysingar. Du vil også få ta del i eit sterkt, tverrfagleg fagmiljø med gode moglegheiter for utvikling og påverknad i lag med 32 andre medarbeidarar. Du vert tilsett i seksjon for informasjonsforvaltning. Seksjonssjefen er din næraste leiar. Kva vil arbeidskvardagen din bestå av? Opplæring og kompetanseutvikling Planlegge og gjennomføre opplæring og utvikle digitale læringsressurser for saksbehandlere. Rådgivning og veiledning Gi råd om informasjonsforvaltning, dokumentasjon, saksbehandling og relevant regelverk. Systemstøtte og brukerstøtte Bistå brukere og utføre systemadministrative oppgaver i aktuelle saksbehandlingsløsninger. Utvikling av systemer og arbeidsprosesser Bidra til innføring av WebSak og forbedring av rutiner, systemer og integrasjoner. Digitalisering, automatisering og KI Utforske og ta i bruk teknologi som kan effektivisere og forbedre NTNUs tjenester. Kvalitet og kontinuerlig forbedring Utføre arkivfaglige oppgaver og bidra til kvalitet, etterlevelse og videreutvikling av fagområdet. For å vere kvalifisert for stillinga, må du ha relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå. Omfattande relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet relevant erfaring frå informasjons- og dokumentasjonsforvaltning, arkiv eller saksbehandling erfaring med sak- og arkivsystem eller andre relevante informasjonsforvaltningsverktøy erfaring frå offentleg forvaltning og kjennskap til relevant lov- og regelverk god digital kompetanse og samarbeidsevne god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk Det er ein fordel om du også har kompetanse innan: digitalisering, automatisering eller bruk av kunstig intelligens opplæring, kompetanseutvikling og formidling systemadministrasjon, testing, brukarstøtte, databasar eller integrasjonar arkivfagleg arbeid og utvikling av effektive arbeidsprosessar universitets- og høgskulesektoren eller anna offentleg verksemd Vi forventar ikkje at du kan alt. Det viktigaste er at du er nysgjerrig på nye løysingar og motivert for å utvikle deg saman med oss. For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du er nysgjerrig, utviklingsorientert og ser moglegheiter for forbetring. Du tek initiativ, arbeider sjølvstendig og systematisk og finn gode løysingar på utfordringar. Du kommuniserer tydeleg og gjer komplekse problemstillingar forståelege. Samtidig samarbeider du godt med andre, deler kunnskap og bidreg til eit godt fagmiljø på tvers av dei ulike campusane. Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga. Dette kan vi tilby om du vel oss som din arbeidsgivar spennande og utviklande oppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljø opent og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer gunstige vilkår i Statens pensjonskasse tilsettegoder og fordelar vere ein del av eit universitet som arbeidar målretta for å vere verdsleiande i sine felt Løn og vilkår som er gjeldande for stillinga I stillingskode 1434 rådgjevar vil du normalt lønast frå brutto kr 600 000 til kr 680 000 pr. år avhengig av kvalifikasjonar. I stillingskode 1364 som seniorrådgjevar vil du normalt lønast frå brutto kr 700 000 til kr 800 000. For særleg godt kvalifiserte søkarar kan ein noko høgare lønsinnplassering vurderast. Frå løna vert det trekt 2 % lovfesta

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free