Stipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk

Universitetet i Bergen · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Universitetet i Bergen
Location
Bergen
Posted
October 7, 2026

About this job

https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i anvend og berekningsorientert matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen, og knytt til gigaCCS, eit senter for miljøvenleg energiforsking finansiert av Noregs forskingsråd. Om prosjektet Den som vert tilsett, skal delta i utviklinga av modellerings- og simuleringsverktøy for lagring av CO₂ i gigaskala. Konkret vil dette ph.d.-prosjektet undersøkje korleis makrodispersjon påverkar effektiviteten til storskala lagringsoperasjonar. Arbeidet kan omfatte matematiske tema som oppskalering, diskretiseringsmetodar og numerisk analyse. Det kan òg omfatte utforming og implementering av numeriske metodar i samanheng med moderne programvare med open kjeldekode for vitskaplege utrekningar. Dei utvikla metodane vil verte testa på oppsett som er relevante for lagringsformasjonar i Nordsjøen Om gigaCCS og Matematisk institutt ved UiB gigaCCS er eit norsk forskingssenter som arbeider med storskala karbonfangst og lagring av CO₂ i undergrunnen. Senteret vert leia av SINTEF Energi og omfattar nær 40 partnarar frå næringsliv, forskingsinstitutt og akademia. Den som vert tilsett, skal bidra til forskingsaktivitetane i gigaCCS-senteret, særleg i arbeidspakke 3.1 – «Regional oppskalering av lagring». Denne ph.d.-stillinga er knytt til forskingsgruppa for porøse medium ved Matematisk institutt, Universitetet i Bergen. Gruppa består av fem fast vitskapleg tilsette, tre faste forskarar og har vanlegvis om lag ti ph.d.-kandidatar. Det primære forskingsområdet til gruppa er numeriske og utrekningsbaserte metodar for prosessar knytte til porøse materiale, med særleg vekt på geologiske bruksområde. Kvalifikasjonar og eigenskapar Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i anvend og berekningsorientert matematikk, berekningsvitskap (scientific computing), berekningsfysikk eller berekningsgeovitskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.03.2027. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Erfaring med partielle differensiallikningar og tilhøyrande diskretiseringsmetodar er eit krav Erfaring med matematikk knytt til straumingsprosessar i porøse medium er eit krav Erfaring med software utvikling for berekningsorientert vitskap er ein fordel. Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner. Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane. Særeigne krav for stillinga UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For stillinga gjeldt følgande Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil eitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik svare til 25 % av tida kvart år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. Vi tilbyr Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 593 700.brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då dess

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free