Forlagssjef til Samlaget
Ei av forlagsbransjens mest spennande stillingar er ledig · Oslo
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Ei av forlagsbransjens mest spennande stillingar er ledig
- Location
- Oslo
- Posted
- October 8, 2026
About this job
Vi jaktar på ny forlagssjef til Samlaget. Dette er ei stilling som krev solid erfaring med tekstarbeid, brei kunnskap om forleggjarfaget og eit brennande engasjement for nynorsk språk. Vi ser etter ein god generalist på forleggjarfeltet, som er van med å balansere «børs og katedral». Stillinga krev eit marknadsorientert blikk og forretningsteft, og samstundes må forlagssjefen ha vilje og evne til å jobbe tett med nokre av landets fremste forfattarar med fokus på det litterære. Vedkommande må vere glad i å bruke og utvikle nettverket for å hente inn prosjekt og rekruttere forfattarar. Forlagssjefen er leiar for redaksjonen med ansvar for det redaksjonelle arbeidet og har personalansvar for tolv tilsette i avdelinga. Stillinga har budsjett- og resultatansvar for redaksjonen, og forlagssjefen står for den daglege leiinga av avdelinga. Stillinga rapporterer til forlagsdirektøren og inngår i leiargruppa. Arbeidsoppgåver Den viktigaste oppgåva til forlagssjefen blir å hente inn nye prosjekt, rekruttere forfattarar og etablere ein struktur for kontinuerleg idéutvikling. Vedkommande må derfor forstå marknaden og utviklinga i lese- og kjøpevanane til folk. Det er venta at forlagssjefen gjennom leiargruppa deltek aktivt i den langsiktige utviklinga av forlaget, med særskilt ansvar for den redaksjonelle utviklinga. Andre oppgåver gjennomføring av den overordna planen med vekt på dei redaksjonelle prioriteringane saman med marknadssjefen budsjettere og setje salsmål for enkelttitlar Vi ser for oss at relevante kandidatar har solid forståing for det nynorske språkprosjektet og den nynorske kulturhistoria solid innsikt i forleggarfaget med utgivaransvar, ytringsfridom og etikk leiarerfaring og evne til å skape samhald og godt samarbeid i kvardagen forståing for utfordringane i bransjen og den særeigne posisjonen til litteraturen i samfunnet Vi kan tilby lønn etter avtale konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar eit triveleg arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer moderne kontorlokale i Oslo sentrum leilegheit i Roma Kontaktinformasjon Gro Møllerstad, Seniorrådgiver,, Arbeidssted Mariboes gate 13 0183 Oslo Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Privat sektor Referansenr.: 5191055726 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 27.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- KIWI Lindeberg søker etter låseansvarlig deltid 60 % - vikariat til 30.4.2027 · KIWI Lindeberg
- Erfaringskonsulent- Prosjektstilling · Psykisk helseteam, Oslo kommune, Bydel Nordstrand
- KIWI Lindeberg søker etter butikkemdarbeider deltid 40 % - vikariat til 30.4.2027 · KIWI Lindeberg
- Er du en kaffeentusiast som liker å skape gode kundeopplevelser? · ISS Facility Services
- Pedagogisk leder (Vikariat) · Bauneveien barnehage, Oslo kommune, Bydel Nordstrand
- Sykepleier · Lilleaker, Oslo kommune, Bydel Ullern
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card