100% stilling som rektor ved Jondal skule

Ullensvang kommune Oppvekst og utdanning · Jondal

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Ullensvang kommune Oppvekst og utdanning
Location
Jondal
Posted
October 7, 2026

About this job

Vi søkjer no rektor på Jondal skule; Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule, fjell og fjord. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått mange nybygg, og har pågåande oppgradering av uteområde. Skulen har i år 127 elevar, og SFO-avdeling med 26 elevar. Skule og SFO har 29 engasjerte og fagleg dyktige tilsette, som er opptekne av å skapa eit godt læringsmiljø for elevane, der alle skal få kjenne at dei høyrer til. Skulen har tett samarbeid med kulturskule, barnehage, Jondal leirskule, bibliotek og lokalt næringsliv. Dei er opptekne av god, variert og praktisk undervisning, som tilrettelegg for læring for heile mennesket. Vi søkjer ein rektor som har høge ambisjonar for heile oppvekstsektoren. Denne stillinga gir deg utfordringar og spanande moglegheiter for utvikling. Viser elles til heimesida. Stillinga inkluderer overordna ansvar for personal og det pedagogiske ved Jondal leirskule. Stillinga er ledig frå: 01.01.27. Vår standard for rektorar; Arbeidsoppgåver for rektor: God verksemdsstyring: Sørge for effektiv drift av skulen. Utfordra og støtta tilsette: Skapa eit trygt og godt arbeidsmiljø som gjer tilsette i stand til å utføra arbeidet sitt effektivt og med engasjement. Leia og utvikla læringsfellesskapet: Skapa ein kultur for læring i eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø. Omdømebygging: Vidareutvikla skulen sitt gode omdøme. Samarbeid med FAU og føresette: Byggja og vedlikehalde eit godt og tillitsfullt samarbeid med føresette Planleggja og gjennomføra opplæring: Sikra variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet med god progresjon. Samarbeid Bidra i leiarfellesskapet: Vere ein aktiv deltakar i leiarfellesskapet innan skule og kommunale satsingar. Delta i lærarteam: Vere ein aktiv deltakar og bidragsyter i lærande fellesskap og lærarteam ved skulane. Kvalifikasjonar for stillinga: Utdanning og formell kompetanse for det aktuelle skuleslaget, og erfaring frå grunnskule er ønskjeleg. Erfaring som leiar frå skule og opplæring. Vidareutdanning i utdannings-/skuleleiing er eit pluss. Erfaring med å leia endrings- og medverknadsprosessar. Kunnskap om nytt læreplanverk og ny opplæringslov. Kompetanse i varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer. God økonomiforståelse og erfaring med arbeid knytt til budsjett- og reknskap Gode digitale ferdigheiter Gode eigenskapar innan kommunikasjon både munnleg og skriftleg Personlege kvalifikasjonar vil bli vektlagt Personlege eigenskapar: Positivt menneskesyn: Du ser det beste i andre menneske. Klare tankar om den gode skulen: Du veit kva som gjer ein god skule og kan setja det ut i praksis. Ambisiøs for elevane og skulen: Du har høge forventningar til elevane og skulen sin suksess. Tek tydeleg ansvar, er synleg og lyttande: Du er til stades og tek omsyn til andre. Utviklingsorientert og målretta: Du jobbar for å forbetra og nå mål. God og trygg leiar: Du byggjer gode relasjonar og kommuniserer tydeleg med elevar, foreldre og tilsette. Verdi av lagånd, openheit og tillit: Du forstår betydninga av samarbeid og gjensidig respekt. Byggjer gode læringssystem: Du er oppteken av å etablera gode læringsmiljø på alle nivå. Bidreg til heilskapen: Du ser oppdraget ditt som ein del av å forbetra heile Ullensvangskolen og oppvekstsektoren. Vi tilbyr Fagleg fellesskap: Støtte gjennom nettverksmøter for nye rektorar og deltaking i eit sterkt rektorkollegium. Merkantil støtte: Tilgang til merkantil støtte som tek vare på personvern og GDPR. Tverrfagleg team: Eit tverrfagleg team er tilgjengeleg for å hjelpa skulen med utfordringar og samordna tenester ved behov. Ressursteam: Ressursteam som har som mål å bidra til tidleg innsats og tverrfagleg fokus hos born og unge. Dette teamet er knytt til fritida til elevane, med deltakarar frå ulike tenester internt i kommunen og politiet. Leiarutvikling: Moglegheiter for leiarutvikling gjennom både formelle og uformelle aktivitetar. Vilkår Løn: Etter avtale Pensjon og forsikringar: Gode ordningar Oppstart: Etter avtale Til søknaden skal relevante vitnemål og attestar leggjast ved. Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga. Alle søkjarar vert sett opp på ei offentleg søkjarliste. Det kan søkjast om anonymitet, men det må liggja føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør offentlighetsloven § 25. Kontaktperson; Anna Maria Kråkevik, e-post: eller mobil: Velkomen som søkjar hjå oss i Ullensvangskulen! Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av des

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free