Sjukepleiar/Vernepleiar 100 % fast stilling - Dagtid
Helsehuset, Sykkylven kommune · Sykkylven
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Helsehuset, Sykkylven kommune
- Location
- Sykkylven
- Posted
- October 7, 2026
About this job
Har du høgskule eller universitetsutdanning innan helsefagleg arbeid? Brenn du for å arbeide innan fagfeltet psykisk helse og rus? Då kan dette vere stillinga for nettopp deg! Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Psykisk helse og rus! Stillinga er ledig frå 15.10.2026 og inneber arbeid på dagtid (p.t) mandag-fredag. Avdeling for psykisk helse og rus er ein del av Helsehus-eininga i Sykkylven. Eininga består av legeteneste, heimebasert omsorg og førebygging og meistrings avdeling. Psykisk helse- og rus er ei tverrfagleg samansett teneste med psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionomar som gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk. Som ein del av tenesta skal du bistå til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sykkylven kommune i form av miljøterapeutisk oppfylging, behandling og førebygging. Dette i tråd med nasjonale føringar. Oppmodar menn til å søke. Arbeidsoppgåver Kartlegging og støttesamtalar Målretta miljøarbeid Tilrettelegging/bistand til daglege gjeremål ved behov Tverrfagleg samarbeid internt i kommunen og eksternt Legemiddelhandtering Journalføring i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande Oppgåver delegert frå næraste leiar Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar Ønskje om vidareutdanning innan psykisk helse og rusarbeid, eller vilje til å ta slik vidareutdanning Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus er ynskjeleg Førerkort klasse B Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR) Ved tilsetting krevst det tilfredsstillande politiattest Personlege eigenskapar God munnleg og skriftleg framstillingsevne Vere strukturert og løysingsorientert Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og i team Du evnar å halde deg fagleg oppdatert og vise fagleg engasjement Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Personleg egnaheit blir lagt vekt på ved tilsetting Vi tilbyr Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø Kollegastøtte Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Gratis parkering Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Kontaktinformasjon Audhild Myklebust, Avdelingsleiar psykisk helse og rus,, Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus,, Arbeidsstad Auregata 19 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5192013971 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- IT Support / Brukerstøtte · Norautron AS
- Bilmekaniker · SEBU BIL & BENSIN AS AVD VERKSTED
- Kafemedarbeider · TUSENHJEMMET BODØ AS
- Tillkalling Servitører og Hovmestere - Herredshuset Jessheim · Herredshuset Jessheim
- Klar for en jobb hvor innsats faktisk lønner seg? · Salgspartner As
- Barnehageassistent (vikariat)– Strand barnehage · Strand Barnehage Sa
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card