Lærarstilling - tidsavgrensa

Sula ungdomsskule, Sula kommune · Langevåg

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Sula ungdomsskule, Sula kommune
Location
Langevåg
Posted
October 7, 2026

About this job

Sula kommune er ei framtidsretta kommune som ligg sentralt plassert like utanfor Ålesund. Her er vi tett på storbyen, men likevel med nærleik til fjord, fjell og gode oppvekstvilkår. Sula kommune er ein nynorskkommune. Sula ungdomsskule er den einaste ungdomsskulen i kommunen og er plassert i Langevåg, tett på kommuneleiinga. Dette skuleåret har vi om lag 420 elevar og 60 tilsette. Vi er ein MOT-skule som set mennesket i sentrum og har med oss lokalsamfunnet på laget. Visjonen vår er "aktiv og inkluderande ", der innovasjon og nyskaping går hand i hand med trivsel, tryggleik og meistringstru. Sula ungdomsskule er sertifisert som dysleksivenleg. Som BTI kommune har skulen eit nært og godt tverrfagleg samarbeid med andre viktige faginstansar. Grunna permisjon har vi i tidsrommet medio november og ut skuleåret 2026/2027 ledig ei 100% stilling ved skulen. Vi søkjer ein engasjert og dyktig lærar. Du vil vere ein del av eit profesjonsfellesskap som arbeider for å gje elevane best mogleg læring og utvikling. Arbeidsoppgåver Nokre av oppgåvene som ligg til arbeidet i skulekvardagen: Planleggje og gjennomføre undervisning i tråd med LK20. Vurdering og tilbakemelding. Pedagogisk tilpassing. Motivasjon og klasseleiing. Samarbeide med føresette og kollegaer. Administrasjon av fag og klasser. Halde seg fagleg oppdatert og delta i skulen sine utviklingsarbeid. Kvalifikasjonar Den som blir tilsett må meistre norsk skriftleg og munnleg. Søkjar må også kunne nytte nynorsk. Søkjarar må ha undervisningskompetanse for ungdomstrinnet. Norsk, KRLE og mat og helse er ønskjeleg. Erfaring frå undervisning på ungdomstrinnet er ein fordel. Søkjar må kunne nytte digitale verktøy. Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som har god relasjonskompetanse og kan bygge gode læringsmiljø i tett samarbeid på team. Du har evne til å organisere undervisning og aktivitetar på ein strukturert og forutsigbar måte til det beste for elevane. Vi søkjer deg som er glad i å samarbeide, er kreativ og løysingsorientert og som likar å utvikle profesjonen din. Du er ein tydeleg klasseleiar og trivst i lag med ungdom. Du må vere interessert i elevane, både i fagleg og personleg utvikling. Du er ein relasjonsbyggjar og har eit genuint ønskje om å utgjere ein positiv forskjell for elevane. Som lærar i ein hektisk kvardag, er du fleksibel og handterer utfordringar og stress som måtte dukke opp. God kommunikasjonsdugleik er viktig, både skriftleg og munnleg. Vi tilbyr Vi tilbyr eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø med gode føresetnader for fagleg og personleg utvikling. Du vil få engasjerte, støttande og profesjonelle kollegaer. Vi samarbeider tett om fag og elevar, med mellom anna to kontaktlærarar per klasse og tett og forpliktande fagsamarbeid på trinn. Skulen har stort fokus på elevane si faglege og sosiale utvikling, læringsutbytte, vurdering, klasseleiing og profesjonsutvikling. Lønn og arbeidsforhold etter gjeldande lov og regelverk. Kontaktinformasjon Pål Andre Holen, Rektor,, Frøydis Volle Åkre, Undervisningsinspektør,, Terje Vågnes, Undervisningsinspektør,, Arbeidsstad Skulevegen 16 6030 Langevåg Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 5192378151 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 16.11.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 28.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free