Skulestadtunet/vegen omsorgsbustad

Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad · Voss

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad
Location
Voss
Posted
October 7, 2026

About this job

Ynskjer du ein gjevande og meiningsfull jobb med fokus på god livskvalitet i eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer? Då må du søkje her! Skulestadtunet- og Skulestadvegen omsorgsbustad har ledig 80% fast stilling som vernepleiar Om arbeidsstaden Stillinga er i avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne, for tida i Skulestadtunet- og Skulestadvegen. Bustadane består av 14 omsorgsbustader med tilgang til fellesareal med fokus på ein god og trygg plass å bu. Bebuarane er aktive og fleire av dei deltek på ulike aktivitetar som til dømes fotball, musikk og symjing. Me har òg eit ambulerande team, der me gjev tenester til personar som bur i eigne bustader i nærområdet. Stillinga er i turnus med arbeid på dagtid, seinvakter, langvakter, helg, og kvilande nattevakt. Me har eit fokus på kvardagsmeistring, med fokus sjølvstende og sjølvråde. Bebuarane skal få bistand til å ta eigne val ved hjelp av rettleiing og avgjerdsstøtte. Dette krev at personalet kan sjå den enkelte, og legge til rette for individuelle behov. Me tilbyr 80% fast stilling som vernepleiar 16.000,- i rekrutteringstillegg for nytilsett vernepleiar Årsturnus Gode forsikrings- og pensjonsordningar Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter laurdag/søndag Kvalifikasjonar Autorisasjon som vernepleiar Gode kunnskapar i norsk, både munneleg og skriftleg Gode datakunnskapar Førarkort klasse B Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen. Me ynskjer deg som: har kunnskap om og interesse for å arbeide innan fagfeltet menneske med nedsett funksjonsevne er fagleg dyktig og opptatt av kvalitet i arbeidet du utfører har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø har evne til omstilling og fleksibilitet, og ynskjer å ta ansvar kan vera trygg i å arbeide sjølvstendig og i team ynskjer utvikling og fagleg oppdatering Arbeidsoppgåver Vere pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluering av tiltak Legge til rette for å delta i kvardagslege gjeremål og aktivitetar Medikamenthandtering Målretta miljøarbeid Primærkontaktansvar Skapa tryggleik og struktur Delta saman med bebuarane på turar og fritidsaktivitetar Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar Bidra til godt samarbeid med bebuar og pårørande Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for bebuarane på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking og har fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Kvifor velja Voss herad? Om du har gullmedalje frå OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free