Naustdal omsorgssenter har ledig stilling som
Sunnfjord kommune Naustdal omsorgssenter · Sunnfjord
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Sunnfjord kommune Naustdal omsorgssenter
- Location
- Sunnfjord
- Posted
- October 6, 2026
About this job
Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko – kvar einaste dag? Vi søker ein engasjert sjukepleiar som ønsker å bruke både fagleg tyngde og menneskeleg varme i kvardagen. Hos oss får du ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag, der du får bruke kompetansen din, ta ansvar og vere med på å gjere ein forskjell for menneske som treng deg. Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi spelar kvarandre gode. Vi trur at gode tenester blir skapte av medarbeidarar som trivst, og derfor legg vi stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og å ta vare på kvarandre. Kollegaene dine har brei kompetanse innan demens, geriatri, akuttsjukepleie, lindrande behandling og personsentrert omsorg samt mykje humor og eit sterkt engasjement for bebuarane våre. Naustdal omsorgssenter er eit mindre omsorgssenter med 19,64 årsverk. Vi yter heildøgns omsorg til personar som har behov for omsorg og medisinsk oppfølging gjennom døgnet. Hos oss blir du godt kjend med både bebuarar og kollegaer, og du blir ein viktig del av eit fagmiljø der alle bidreg og blir sett. Vi er stolte av å vere ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen, og vi jobbar kontinuerleg for å utvikle tenestene våre vidare. Vi har ledig: 100 % fast stilling som sjukepleiar Du får ein variert arbeidskvardag i tredelt turnus. Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det. Arbeidsoppgåver: yte heilskapleg og fagleg forsvarleg sjukepleie til bebuarane våre observere, vurdere og følgje opp endringar i pasientane sin helsetilstand handtere legemiddel og dokumentere i journalsystemet Cosdoc samarbeide tett med pårørande, tilsynslege og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp bidra til fagutvikling, kvalitetsarbeid og eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonskrav: norsk autorisasjon som sjukepleiar beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg Vi søker deg som: er engasjert og lærevillig har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap har stor arbeidskapasitet bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling har grunnleggande datakunnskapar – vi nyttar fagprogrammet Cosdoc er endringsvillig og løysingsorientert er trygg på å jobbe både sjølvstendig og i team er trygg på å ta ansvar Personlege eigenskapar blir vektlagde ved tilsetjing. Vi tilbyr deg: eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og leiarar tett samarbeid på tvers av profesjonar, der ulike fagkompetansar blir verdsette ein arbeidsplass med fokus på kvalitet og pasientnær omsorg moglegheit for fagleg utvikling og å bli ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø ein variert og meiningsfull arbeidskvardag fleksible turnusløysingar med moglegheit for langvakter og arbeid kvar fjerde helg med samla langfri kompetansetillegg for relevant vidareutdanning rekrutteringstillegg på kr 35 000 per år Gyldig politiattest må leggjast fram før oppstart i stillinga. Her blir du ikkje ein i mengda – du blir ein viktig del av eit lag som bryr seg, både om bebuarane og kvarandre. Vi gler oss til å høyre frå deg! Du søker elektronisk. Link til søknadsskjema: Søk her
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Barnehageassistent (vikariat)– Strand barnehage · Strand Barnehage Sa
- Holdbart Alna Senter søker butikkmedarbeider · Holdbart As Avd Alnabru
- Taktekker søkes · Norgestak
- Pedagogisk leder småbarnsavdeling - Tertnesparken barnehage · Tertnesparken Barnehage As
- Kveldsjobb i Kristiansand: Møtebooker – fast 200 kr/t + inntil 500 kr bonus hver dag · At Ventilasjon As
- Veterinær søkes til privat smådyrklinikk · Malangen Veterinærkontor As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card