Sjukepleiar - 100% fast

Alver kommune · Lindås

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Alver kommune
Location
Lindås
Posted
October 6, 2026

About this job

Om stillinga Vi søkjer etter sjukepleiarar til 100 % fast stilling i todelt turnus. I utgangspunktet er dette arbeid kvar 3. helg, men om du ønskjer kan det vere mogleg med arbeid kvar 4. helg i langvakter. For eksterne søkjarar tilbyr vi rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltreding. Om avdelinga Lindås bu- og servicesenter er ein sjukeheim sentralt på Lindås med plass til 25 bebuarar, fordelt på 17 somatiske plassar og 8 skjerma plassar for personar som lever med demens. Her jobbar det ein triveleg gjeng med godt humør og stort engasjement for eldreomsorg. Vi tilbyr ulike formar for aktivitet og underhaldning for våre bebuarar som bingo, konsertar, trim og mykje meir. Vi har ein flott hage som er til stor glede for både bebuarar og tilsette. For tida er det om lag 40 tilsette ved Lindås bu- og servicesenter. Arbeidsoppgåver Som sjukepleiar ved Lindås bu- og servicesenter skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp i tillegg til medisinsk behandling av bebuarane ved sjukeheimen. Du vil også rettleie studentar, elevar, lærlingar og kollegaer. Kompetansekrav Vi søkjer ein fagleg trygg sjukepleiar med gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å strukturere både eigen og andre sin arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta. God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysningsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag. Relevant vidareutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Kven er du? Du har ein djup lidenskap for eldreomsorg og ønskjer å bidra til å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for bebuarar og kollegaer. Som ein sjølvstendig medarbeidar samarbeider du effektivt med andre. Du utøver yrket ditt med samvit og omsorg. Vi tilbyr Fagleg spennande arbeid Årsturnus Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk God pensjonsordning Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free