Vikariat Sjukepleiar 100%
Alver kommune · Ostereidet
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Alver kommune
- Location
- Ostereidet
- Posted
- October 6, 2026
About this job
Om stillinga Vi har ledig eit 100 % vikariat som sjukepleiar perioden november 2026 til april 2027. Det kan vere moglegheit for forlenging av vikariatet ved behov. Helsefagarbeidarar kan og søke på stillinga, men sjukepleiarar vil bli prioritert. Arbeidsoppgåver Er du klar for ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende, fagleg utvikling og tett samarbeid? Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar til heimesjukepleien. Avdelinga samarbeider tett med omsorgsbustadene på Ostereidet, og vi har ei ordning med «sjukepleiar på topp». Dette inneber at sjukepleiarane samarbeider på tvers av avdelingane og bidreg med fagleg støtte der behovet er størst. Som sjukepleiar hos oss får du arbeide med sjukepleiefaglege prosedyrar, fagleg oppfølging og administrative oppgåver. Du vil og vere tett på den daglege drifta og følgje opp brukarar i heimesjukepleien. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og jobbar tett med ulike fagmiljø for å gi best mogleg oppfølging og omsorg. Dei siste åra har vi satsa mykje på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Dette gjer oss til ein spennande arbeidsplass i kontinuerleg utvikling. Alle utførte tenester skal dokumenterast i Profil. Om avdelinga Ostereidet heimeteneste er ei avdeling med høg fagleg kompetanse og engasjerte, dyktige medarbeidarar. Avdelinga har eit stort geografisk ansvarsområde som strekkjer seg frå Mundal til Dykolbotn, med avstikkarar til mellom anna Veland og Dalsgrend. Hos oss får du spanande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit fagleg og inkluderande arbeidsmiljø. Kvalifikasjonskrav Autorisasjon som sjukepleiar Førarkort klasse B Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Kven er du? Ein som trivst med å arbeide sjølvstendig. Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø. Du er løysingsorientert og fleksibel. Du er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre. Vi tilbyr Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar Fagleg utvikling Årsturnus Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk God pensjonsordning gjennom KLP Politiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi er Alver Bli kjent med Alver kommune! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Gravemaskinfører søkes - Tveit Maskinservice AS · Tveit Maskinservice AS
- Lastebilsjåfør klasse CE søkes – Tveit Maskinservice AS · Tveit Maskinservice AS
- Barnehagelærer vikariat · Løvstad Naturbarnehage Sa
- Er du en leken, varm og trygg voksen? Vi søker en fagarbeider/ assistent til vår naturbarnehage! · Læringsverkstedet Skogly Naturbarnehage AS
- Pedagogiske ledere · Trollskogen Barnehage Bjørndal
- Ekstrainntekten for deg over 18 · Teknobingo Fauske As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card