Rådgjevar i helse og omsorg
Aurland kommune · Aurland
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Aurland kommune
- Location
- Aurland
- Posted
- October 6, 2026
About this job
Om stillinga Vi har ledig fast 100% stilling som rådgjevar frå snarast. Vi søker ein engasjert og sjølvstendig rådgjevar i kommunalområde helse og omsorg. Du vil spele ei viktig rolle i å styrke utviklingsarbeidet, og vi ser etter ein rådgjevar som brenn for forbetrings- og kvalitetsutvikling. Det er viktig at du er allsidig og ikkje redd for å ta eit tak der det trengst. Du bør trivast med varierte oppgåver og ha moglegheit for læring. Hjå oss vil du få breidde i oppgåver og ansvarsområde. Stillinga har kontorstad ved Aurland omsorgssenter og rapporterer til kommunaleiar for helse og omsorg. Arbeids- og ansvarsområde Rekruttering, løns- og personalarbeid Oppdragsavtalar Oppfølging av ledige vakter Varebestilling og mottak Sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova, samt rettleiing Planlegge og gjennomføre førebyggande rettleiing og arrangement Støtte leiarar i kvalitet- og internkontrollsystem Vere strategisk rådgjevar som inneber å vere sakshandsamar og leiarstøtte i politiske sakar og i plan og utgreiingsarbeid Prosjektleiing og fasilitering av forbetringsprosessar, og bidra til tenesteutvikling Fremje smart bruk av digitalisering og teknologi i tenesteutviklinga Informasjonsarbeid Systemansvarleg i turnusprogram og bidra til effektiv ressursstyring Andre oppgåver som naturleg fell inn under kommunalområdet sitt arbeidsområde må påreknast Me tilbyr ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum gode pensjons- og forsikringsordningar løn etter avtale gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (mellombels velferdsordning) å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub) barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI Sletting av studiegjeld? I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka: https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune Kvalifikasjonar Relevant mastergrad innan HR, organisasjonsfag eller administrative fag. Anna relevant høgare utdanning kombinert med relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande mastergrad Det er ønskeleg at du er motivert for fagleg utvikling og relevant vidareutdanning Erfaring med forbetringsarbeid, tjenesteutvikling eller kvalitetsarbeid Har kunnskap om reglement og lovverket på området Kunnskap om arbeidsrett, arbeidsmiljølova og tariffavtalar og personaladministrative oppgåver Erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming er ei føremon God digital kompetanse med evne til å nytte digitale verktøy, mellom anna Teams, Excel og ulike fagsystem Personlege eigenskapar Vi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du: Er strukturert med god gjennomføringsevne og analytisk tilnærming Er god problemløysar som jobbar godt under press Er trygg i fasilitatorrolla og trivst med å leie prosessar og arbeidsmøter Er god på å bygge relasjonar og samarbeid Er utviklingsorientert og nysgjerrig på forbetringsmoglegheiter Håndterer komplekse problemstillinger profesjonelt og sjølvstendig Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt. Løns- og tilsetjingsvilkår tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale det er viktig at søkarane legg ved vitnemål, tenesteattestar og anna relevant dokumentasjon Krav til språk Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga. Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar. NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig vikti
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Pedagogisk leder småbarnsavdeling - Tertnesparken barnehage · Tertnesparken Barnehage As
- Kveldsjobb i Kristiansand: Møtebooker – fast 200 kr/t + inntil 500 kr bonus hver dag · At Ventilasjon As
- Veterinær søkes til privat smådyrklinikk · Malangen Veterinærkontor As
- Vil du jobbe med bil? Fleksibel deltidsjobb hos Vanly Varebilutleie (20–50%) · Vanly As
- Takserer søkes til bilskadeverksted på Ottestad · Sky Rekruttering As
- Renholder · VESTRE SLIDRE KOMMUNE HELSE OG OMSORG ADMINISTRASJON
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card