Psykologspesialist
Akutt Døgn, Helse Førde · Førde
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Akutt Døgn, Helse Førde
- Location
- Førde
- Posted
- October 6, 2026
About this job
Psykiatrisk klinikk har ledig 100 % fast stilling som psykologspesialist i Førde. Stillinga er plassert ved Akutt Døgn, og psykologspesialisten inngår i behandlarteam saman med overlegar, legar i spesialisering (LIS) og sosionom. Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Klinikken har også sjukehusoppgåver med Akutt Døgn som har ØH plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Helse Førde sitt opptaksområde omfattar om lag 110 000 innbyggjarar. Akutt Døgn er ein lukka akuttpsykiatrisk sengepost med 15 sengeplassar. Vi flytta inn i nybygg i 2021. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har døgnkontinuerleg akuttberedskap. Akutt Døgn tek imot pasientar til både frivillig og tvungent psykisk helsevern. Ønskjer du ein variert og spennande arbeidskvardag i eit triveleg arbeidsmiljø, kan dette vere stillinga for deg. Nyttig informasjon ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF. Arbeidsoppgåver Arbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, diagnostisering, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane Utøve fagleg ansvar for vedtak etter psykisk helsevernlova Rettleiing av psykologar i spesialisering og anna helsepersonell Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar Samarbeid med pårørarande Kvalifikasjonar Psykologspesialist med norsk autorisasjon i klinisk psykologi med vedtakskompetanse i henhold til psykisk helsevernlov Psykologar som er under spesialisering, og som forventar å oppnå spesialistgodkjenning innan eitt år, vert oppmoda om å søkje og kan verte vurderte for stillinga. Ha god kjennskap til psykisk helsevernlova og erfaring med vedtakshandtering Søkjar må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg Erfaring ifrå spesialisthelsetenesta og arbeid med alvorlege psykiske lidingar Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell) Personlege eigenskapar Du er strukturert Du er prosess- og løysingsorientert Du tåler å stå i krevjande situasjonar. Du kan ta avgjersler som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet Du trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team Du har gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Triveleg arbeidsmiljø Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift) Fagleg og personleg utvikling Løn etter gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Roger Lundekvam, Seksjonsleiar, (+47) Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5119002328 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 05.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Klar for en jobb hvor innsats faktisk lønner seg? · Salgspartner As
- Barnehageassistent (vikariat)– Strand barnehage · Strand Barnehage Sa
- Holdbart Alna Senter søker butikkmedarbeider · Holdbart As Avd Alnabru
- Taktekker søkes · Norgestak
- Pedagogisk leder småbarnsavdeling - Tertnesparken barnehage · Tertnesparken Barnehage As
- Kveldsjobb i Kristiansand: Møtebooker – fast 200 kr/t + inntil 500 kr bonus hver dag · At Ventilasjon As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card