Liker du å gjera reint, å vera til nytte for andre? Då har me kanskje jobben for deg!

Voss herad Reinhaldsavdelinga · Voss

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Voss herad Reinhaldsavdelinga
Location
Voss
Posted
October 6, 2026

About this job

To faste i 100% stilling i teamet som er rundt om i heradet. Om arbeidsstaden Bygg og eigedom har ansvar for å byggja, drifta og vedlikehalda bygg og eigedomar i Voss herad. Reinhald er ein viktig del av vedlikehaldet og reinhaldsavdelinga er ein avdeling med 50 tilsette som er organisert under Bygg og eigedom, Kommunalavdeling for Samfunnsutvikling og kultur. Reinhaldsavdelinga står for reinhald på rundt 50 ulike bygg i Voss herad. Teamet har ansvaret for dei mindre bygga, dekker inn sjukefråvær og har dei større periodiske oppgåver innan reinhald. Me tilbyr: Gode vilkår for fagleg utvikling. Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Kvalifikasjonar: Du må meistra norsk skriftleg og munnleg tilsvarande nivå A2, i det felles europeiske rammeverket for språk. Grunnleggjande datakunnskapar, og kunne bruke dette i dagleg kontakt med avdelinga. Førarkort for bil, klasse B. Me ynskjer deg som: Fagbrev som reinhaldsoperatør er ein fordel, men ikkje eit krav. Har erfaring frå reinhaldsyrket. Er god på samarbeid. Er fleksibel og ynskjer å ta ansvar. Er ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene. Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen. Personlege eigenskapar som vert vektlagt: Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner. Er kreativ og løysingsorientert. Jobbar systematisk, strukturert og effektivt. Arbeidsoppgåver For alle stillingane gjeld dagleg reinhald, periodisk- og hovudreinhald etter plan. Arbeidet utførast innanfor normalarbeidstid, dvs. mellom kl. 07:00 (06:00) -17:00. For å ivareta helse, inneklima og bygg, bruker me mest mogeleg maskiner i arbeidet. Du må kunne samarbeida med brukarane på bygga for å få utført dette arbeidet på beste måte for alle. Du må kunne samarbeida med kollegaer ved andre bygg, hjelpa til ved sjukefråvær og andre oppdrag som arbeidsleiar planlegg. På sikt vil dei som jobbar i team også få opplæring i spesialreinhald. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden Kvifor velja Voss herad? Om du har gullmedalje frå OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free