Prehospital avdeling i Helse Førde søkjer sjukepleiarar til forskriftskurs ambulanse 2027
Ambulanseseksjon 6, Helse Førde · Førde
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Ambulanseseksjon 6, Helse Førde
- Location
- Førde
- Posted
- October 6, 2026
About this job
Er du autorisert sjukepleiar, eller tredje års sjukepleiarstudent, og ser du for deg ei framtidig karriere innan ambulanse og akuttmedisin? Ambulansetenesta tilbyr forskriftskurs med nødvendig opplæring gjennom kurs, sjølvstudium og praksis. Kurset er lagt opp med faste datoar i perioden januar til mai. Opptak av søkjarar skjer i desember kvart år. Ambulansetenesta i Helse Førde er organisert i Prehospita avdeling i kirurgisk klinikk. Tenesta har ansvar for all ambulanseverksemd i Sogn og Fjordane. Vi søkjer deg som er motivert for og trivst i eit uforutsigbart miljø. Du set pris på både utfordringar og rutineprega oppgåver. Ein jobb i ambulansetenesta inneber å vere ein god kollega, arbeide i sjølvstendige team og saman finne gode løysingar til det beste for pasientane. Dersom du allereie er tilsett i Helse Førde, kan du ikkje ha meir enn 50 % stilling før oppstart, for å få tilbod om vakter. For å kunne starte på kurset må du ha gjennomført og bestått både intervju og fysiske testar. Før du søkjer, er det viktig å setje seg inn i korleis kurset er lagt opp, og dei fastsette datoane. Det er obligatorisk oppmøte på alle samlingar, så du må vere budd på å avsette ein del tid. Det skal gjennomførast minimum 100 timar hospitering i ambulanse ved ein tildelt stasjon i løpet av kursperioden. Kurset inneheld generell e-læring, som skal gjennomførast i eige tempo. Nokre av e-læringskursa er direkte knytte til samling 1 og 4. Det blir tilrådd å gjennomføre desse nær opp mot dei fysiske kursdagane for å få best mogleg læringsutbyte. Det samla omfanget av e-læringa i vikarkurset er om lag 18 timar, utanom e-læring knytt til samlingane om akuttmedisin og traume. Fysisk test og intervju: 8. eller 9. desember 2026 Samling 1 – praktiske ferdigheiter: 22.–24. januar 2027 (helg) Samling 2 – akuttmedisin: 2.–3. mars 2027 Samling 3 – traume: 6.–7. april 2027 Samling 4 – simuleringsdag: 22. mai 2027 (helg) Kandidaten må sjølv melde seg opp til og skaffe seg førarkort klasse C1. Ved å arbeide minimum seks veker om sommaren, i perioden veke 25–33, får ein dekka 12 500 kroner per år i to år, totalt 25 000 kroner. Ein må gjennomføre alle planlagde samlingar og all praksis, og bestå utsjekk samt hospitering før ein kan starte å arbeide. Etter at desse kriteria er oppfylt, kan ein få kontrakt etter avtale. Kurset blir gjennomført i regi av Helse Førde, med mål om å rekruttere tilsette til eiga teneste. Som vikar må ein rekne med å arbeide ved fleire stasjonar i Helse Førde sitt nedslagsfelt. Arbeidsoppgåver Arbeid i ambulansetjenesta består av daglege rutinar, reinhald, kvalitetsarbeid og beredskap inne på ambulansestasjonen. I møte med pasientane blir det gjort undersøkingar, forflytting, observasjon og behandling. Køyring av utrykningskjøretøy, arbeid på skadestad, operativ leiing, opplæring og rettleiing er òg sentrale arbeidsoppgåver. Kvalifikasjonar Vilkåra for å få kursplass er at personellet har autorisasjon eller kan dokumentere å vere i utdanningsløp som gir autorisasjon som sjukepleiar våren 2027 Førarkort klasse B Førarkort klasse C1 (må vere på plass til oppstart av vakter sommaren 2027). Kursdeltakarar må oppfylle tenesta sine fysiske krav før dei får plass på kurset. God fysisk og psykisk helse. Ved søknad må søkjar omtale eigen fysisk form. Det er fysiske testar ved opptak. Tilfredsstille medisinske krav førerkort klasse D. Det vert stilt krav om politiattest. Personlege eigenskapar Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Evne til å jobbe sjølvstendig og godt i team Vise gode evner til å jobbe med akuttmedisin Trivst med å jobbe i eit team med tidvis hektisk og høg aktivitet Pliktoppfyllande Bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Kurs som gir høve til vikariat og engasjement i tenesta Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass Fagleg og personleg utvikling Kompetanseutvikling i form av fagstige Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Frank Haukereid Reksnes, Seksjonsleiar, Per-Erik Eide Hjelle, Ambulansearbeider / opplæringsansvarleg, Arbeidssted Svanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5182965856 Stillingsprosent: 100% Anna Søknadsfrist: 08.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Organisasjonsrådgiver - gjør en forskjell for studentene på UiO · Studentparamenent Ved Univ I Oslo
- Erfaren vaktmester · Lillestrøm Kirkelige Fellesråd
- FDV-ingeniør søkes - bli med på å forme fremtidens jernbane! · Bane NOR SF
- Erfaren stillasmontør · Nog Entreprenør As
- IT Support / Brukerstøtte · Norautron AS
- Bilmekaniker · SEBU BIL & BENSIN AS AVD VERKSTED
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card