Reiselivskoordinator
Stryn Kommune · Stryn
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Stryn Kommune
- Location
- Stryn
- Posted
- October 6, 2026
About this job
Vil du vere med og utvikle reiselivet og forme framtidas besøksforvaltning i ein kommune med spektakulær natur, sterke lokalsamfunn og høge ambisjonar – og samtidig ha ei sentral, operativ rolle i gjennomføringa? Stryn kommune søkjer ein engasjert, fagleg sterk og tydeleg operativ reiselivskoordinator. Du vil få ei utviklande og koordinerande rolle for reiselivet i Stryn kommune. Du vil jobbe ute i felten i pressområder i høgsesong - “hands on”, og sjå til at turiststraumen fungerer godt. Reiselivsnæring i Stryn kommune i samarbeid med Nordfjord Havn tek i mot mange gjester som kjem med cruisebåtar til indre Nordfjord. Ein viktig del av jobben er å legge til rette for gode opplevingar også for desse. Utanom sesong, vil du ha kontorplass i administrasjonen i Stryn kommune og jobbe med besøksforvaltning og tilrettelegging for reiselivet. Stillinga ligg under eining for Samfunnsutvikling, og du vil arbeide i eit tverrfagleg miljø med dyktige kollegaer innan plan, byggesak, eigedom, næring og landbruk og i tett samarbeid med Nordfjord havn. På grunn av driftsbehov i høgsesongen (juni–august), må ferie i utgangspunktet planleggjast og avviklast utanfor desse månadane. Arbeidsoppgåver Handtering av cruiseturisme, inkludert informasjonsarbeid og logistikkoppgåver på kai ved cruiseanløp, og deltaking i planlegging/kontaktmøter med Nordfjord Havn Koordinere reiselivsaktørar for trygg trafikkavvikling Oppfølging og tilsyn av fellesgoder i pressområder - høgsesong Vere kontaktpunkt til bygdelag ifht reiselivsutvikling Følgje opp arbeidet med Merket for berekraftig reisemål, handlingsplan Produktutvikling – sti, utsiktsrydding, informasjon Prosjektoppfølging Andre diverse reiselivsrelaterte oppgåver Kvalifikasjonar Erfaring frå reiselivsnæringa Relevant utdanning frå høgskule eller universitet (td. reiseliv, friluftsliv, naturforvaltning, besøksforvaltning, planlegging, prosjektleiing) Kjennskap til relevant lovverk og offentleg forvaltning God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk Moglegheit til å jobbe i høgsesong (sommar) Det er ønskjeleg med: Interesse for lokal samfunnsutvikling Erfaring frå naturbasert reiseliv og besøksforvaltning Erfaring frå saksbehandling i offentleg sektor Personlege eigenskapar Løysingsorientert, med god evne til å kommunisere Utadvendt og serviceinnstilt Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Vi tilbyr Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver Eit triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø Gode moglegheiter for fagleg utvikling Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar Arbeidsstad i naturskjønne Stryn – der fjord møter fjell Nedskriving av studielån gjennom Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr 25.000,- for buande i Stryn kommune. Kontaktinformasjon Siv Randi Berstad, Konst.avdelingsleiar berekraft og næring, Arbeidsstad Tonningsgata 4 6783 Stryn Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stryn Kommune Referansenr.: 5191279992 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Vi søker en god person som liker å leke og å være sammen med barn · Stiftelsen Sollia Barnehage
- Gravemaskinfører søkes - Tveit Maskinservice AS · Tveit Maskinservice AS
- Lastebilsjåfør klasse CE søkes – Tveit Maskinservice AS · Tveit Maskinservice AS
- Barnehagelærer vikariat · Løvstad Naturbarnehage Sa
- Er du en leken, varm og trygg voksen? Vi søker en fagarbeider/ assistent til vår naturbarnehage! · Læringsverkstedet Skogly Naturbarnehage AS
- Pedagogiske ledere · Trollskogen Barnehage Bjørndal
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card