Miljørettleiar og/eller fagarbeidar

Voss herad Voss ungdomsskule · Voss

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Voss herad Voss ungdomsskule
Location
Voss
Posted
October 5, 2026

About this job

Voss herad søkjer miljørettleiar/fagarbeidar med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare. Me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt for å fremja livsmeistring og medborgarskap i skulen vår. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa ein felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon. Me tilbyr: gode vilkår for fagleg utvikling ein god arbeidsplass med dyktige kollegaer eit godt tverrfagleg og sosialt miljø gode forsikrings- og pensjonsordningar løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Kvalifikasjonar: fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller miljørettleiar med utdanning innen sosialt arbeid, vernepleie, pedagogikk eller annen relevant høgskuleutdanning anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan bli vurdert gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen. Me ynskjer deg som: har praktisk kompetanse innan til dømes bygg, køyretøy eller maskin er god på samarbeid og kan byggja relasjonar er fleksibel og ynskjer å ta ansvar er ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene Arbeidsoppgåver: Bidra i arbeidet med elevar som har alternative opplæringsarenaer Relasjonbygging Bidra til å oppretthalda og utvikla eit trygt og godt skulemiljø, både i undervisningstid og i friminutta Samarbeida med pedagogisk personale og andre fagarbeidarar/ miljørettleiarar om undervisningsopplegg som skulen og lærarar har utarbeidd for elevane Hjelpa til med daglege gjeremål, oppmuntra, snakka med, rettleia, støtta og motivera elevane Hjelpa elevar med funksjonshemming og lærevanskar slik at skulekvardagen i klasserom, symjing, kroppsøving, garderobe og friminutt blir best mogleg Vera ein omsorgsfull rollemodell Om arbeidsstaden Voss ungdomsskule - Voss herad Kvifor velja Voss herad? Om du har gullmedalje frå OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg. Søknad Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free