Sjukepleiar
Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF · Volda
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Volda
- Posted
- October 5, 2026
About this job
Vi har ledig tre vikariat i 100 % stilling frå 01.12.2026. Medisinsk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit sterkt fagmiljø og trivelege, engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tett på tvers av fagområde, med pasienten i fokus og mål om å gi best mogleg behandling og omsorg. Sengeposten tek imot pasientar med eit breitt spekter av diagnosar, noko som gir deg som sjukepleiar varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. For tida har vi 30 sengeplassar fordelte på fire grupper. Oppstart etter nærare avtale. Vil du bli ein del av laget vårt? Då håpar vi at du sender oss søknaden din! Arbeidsoppgåver Delta i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg Samarbeide tverrfagleg kring pleie og behandling av pasientar Bistå i mottak og overføring av pasientar mellom ulike omsorgsnivå Eit breitt spekter av sjukepleiefaglege oppgåver, mellom anna palliasjon, medikamenthandtering, samarbeid med pårørande og førstelinjetenesta. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Erfaring frå arbeid i sjukehus og kjennskap til medisinske fagområde er ein fordel Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er strukturert Du er ansvarsbevisst og fleksibel Du er positiv, støttande og likar å samarbeide i team Du har gode samarbeidseigenskapar Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her. Kontaktinformasjon Laila Moe Winjevoll, Seksjonsleiar,, Arbeidsstad Kløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5186040953 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 30.11.2027 Søknadsfrist: 01.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Helsesekretær Hamar Øyelegesenter · Øyelege Øyvind Mattsson As
- Billakkerer · Sky Rekruttering As
- Organisasjonsrådgiver - gjør en forskjell for studentene på UiO · Studentparamenent Ved Univ I Oslo
- Erfaren vaktmester · Lillestrøm Kirkelige Fellesråd
- FDV-ingeniør søkes - bli med på å forme fremtidens jernbane! · Bane NOR SF
- Erfaren stillasmontør · Nog Entreprenør As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card