Miljøarbeidar (tilkalling) i integreringstenesta – oppfølging av einslege mindreårige flyktningar

Øystre Slidre kommune · Heggenes

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Øystre Slidre kommune
Location
Heggenes
Posted
October 5, 2026

About this job

Vil du bidra til at unge flyktningar får ein trygg og god start i Øystre Slidre kommune? Kommunen skal for første gong busetje einslege mindreårige flyktningar, og vi søkjer no etter 1-3 engasjerte tilkallingsvikarar som ønskjer å bidra til trivsel, meistring og inkludering for ungdommane. Ungdommane skal bu i eit bufellesskap og vil i stor grad meistre kvardagen sjølve. Vi søkjer etter trygge og omsorgsfulle vaksne som kan vere gode støttespelarar i kvardagen, både i bufellesskapet og ute i lokalsamfunnet. Kommunen arbeider med å etablere eit tilbod for einslege mindreårige flyktningar. Busetjing er planlagt veke 46-47, men føreset at nødvendig bemanning er på plass. Oppstart for tilkallingsvikarane vil skje etter nærare avtale, truleg i november. Intervju er planlagt til torsdag 22.10.26. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene vil variere etter behov, men kan mellom anna omfatte: vere ein trygg vaksenperson og samtalepartnar køyre ungdommane til avtalar og fritidsaktivitetar planleggje, lage og ete middag saman med ungdommane motivere til og følgje opp reinhald og orden i bufellesskapet gje praktisk støtte og rettleiing i daglege gjeremål ved behov bidra til sosial inkludering og deltaking i lokalsamfunnet samarbeide med tilsette i integreringstenesta og andre relevante samarbeidspartnarar ved behov Kvalifikasjonar Vi ønskjer at du: har fullført vidaregåande opplæring har førarkort klasse B har god munnleg framstillingsevne på norsk, tilsvarande omtrent nivå B1eller høgare Det er ein fordel om du: har erfaring frå arbeid med ungdom eller flyktningar eller med miljøarbeid snakkar ukrainsk og/eller russisk har relevant utdanning innan helse-, sosial- eller oppvekstfag Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: er trygg, omsorgsfull og relasjonsskapande har evne til å motivere og rettleie ungdom til å meistre kvardagen er sjølvstendig og tek ansvar er fleksibel og kan stille opp ved behov samarbeider godt med andre har forståing for kulturforskjellar og eit inkluderande menneskesyn Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt. Vi tilbyr meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit viktig samfunnsoppdrag moglegheit til å bidra til utvikling hos enkeltmenneske og i lokalsamfunnet fleksibelt arbeid etter behov opplæring og rettleiing løn etter gjeldande avtaleverk gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Kontaktinformasjon Nina Dalsegg, Leiar integreringstenesta, Arbeidsstad Bygdinvegen HEGGENES Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5186309789 Stillingsprosent: 0% Vikar Søknadsfrist: 18.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free