Vil du bli vår nye sjukepleiar?

Kirurgisk post Haugesund Sjukehus · Haugesund

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Kirurgisk post Haugesund Sjukehus
Location
Haugesund
Posted
October 4, 2026

About this job

Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar i 100 % tredelt turnus på Kirurgisk post ved Haugesund sjukehus. 🏥 Kirurgisk post har 8 senger og eit spennande og variert pasientgrunnlag. Hos oss møter du fleire fagfelt, mellom anna kar- og thoraxkirurgi, brystkirurgi, thyroideakirurgi, behandling av føflekkreft, brannskadar og andre generelle kirurgiske tilstandar. I helger, høgtider og ferieperiodar tek vi også imot gynekologiske pasientar. 🌟 Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer som samarbeider godt og støttar kvarandre. Du får moglegheit til fagleg utvikling, spennande utfordringar og ein kvardag der ingen dagar er heilt like. Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkja stilling hos oss! Kva går jobben ut på? I denne stillinga vil du mellom anna: Arbeide med stille rapport og delt gruppe, slik at du får ansvar for eigne pasientar. Utføre pleie, oppfølging og administrasjon på sengepost. Utføre sjukepleiefaglege oppgåver og prosedyrar. Samarbeide tett med legar, sjukepleiarar og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp. Bidra til trygg og heilskapleg pasientbehandling med pasienten i sentrum. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Kjennskap til elektroniske pasientjournalsystem som DIPS og Meona. Erfaring med sårstell er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du: har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er ryddig, strukturert og arbeider målretta trivst i eit aktivt og til tider travelt miljø er sjølvstendig og har evne til å prioritere arbeidsoppgåver bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt samarbeid med kollegaene dine er open for nye utfordringar og ønskjer fagleg utvikling Personlege eigenskapar blir tillagde stor vekt. Kvifor skal du velje oss? God opplæring og oppfølging frå erfarne sjukepleiarar. Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Høgt fagleg nivå og varierte arbeidsoppgåver. Moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Ein spennande arbeidsplass i kontinuerleg utvikling. Kontaktinformasjon Anne Ringe, Avdelingsleiar Arbeidsstad Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5189446571 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 19.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free