Fagarbeidar Lidar skule
Øystre Slidre kommune · Heggenes
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Øystre Slidre kommune
- Location
- Heggenes
- Posted
- October 4, 2026
About this job
Lidar barneskule har om lag 100 elevar frå 1.-7. trinn. Det er sju klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring. Vi organiserer oss slik at vi har to lærarar per trinn i basisfaga. Det er oppretta eit team som arbeider særskild med spesialpedagogisk oppfølging. I teamet er det mellom anna kompetanse frå barnevernspedagog, vernepleiar og andre faggrupper. Lidar skule har ledig vikariat som fagarbeidar 50% stilling frå no og ut skuleåret. Vi søkjer også etter tilkallingsvikarar. Merk i søknaden om du ynskjer vikariat eller tilkalling. Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene består av fagleg og sosial oppfølging av enkeltelevar, mindre grupper og i heil klasse. Vi ynskjer å få deg på laget vårt som brenn for å legge til rette for trygge og lærerike skuledagar der elevane får ut utviklingspotensialet sitt Samarbeid med teamet rundt og eksterne faginstansar for å legge best mogleg til rette Arbeid på SFO er ein del av stillinga Kvalifikasjonar Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant fagbrev Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge Du ynskjer å bidra til at barn og unge opplever ein meiningsfull kvardag ved å sjå kvart enkelt born, og du har interesse for sosialt sampel og læring Det er krav om politiattest, jfr opplæringsloven §17-11 Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som er ein varm og trygg vaksen i møte med elevane. Vi er opptekne av gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er positiv, fleksibel, robust og er ein god lagspelar Vi søkjer deg som ser glede og nytte i å samarbeide og ta initiativ til å vera med å utvikle skulane i Øystre Slidre kommune til det beste for elevane Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt vektlagt Vi tilbyr Ein spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø Løn etter tariff Gode forsikrings- og pensjonsvilkår Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen Kontaktinformasjon Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, Arbeidsstad Bygdinvegen HEGGENES Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5185668698 Stillingsprosent: 50% Vikar Søknadsfrist: 25.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Vil du jobbe med bil? Fleksibel deltidsjobb hos Vanly Varebilutleie (20–50%) · Vanly As
- Takserer søkes til bilskadeverksted på Ottestad · Sky Rekruttering As
- Renholder · VESTRE SLIDRE KOMMUNE HELSE OG OMSORG ADMINISTRASJON
- Kundemottaker / takserer – Werksta Ottestad · Sky Rekruttering As
- Vi søker en god person som liker å leke og å være sammen med barn · Stiftelsen Sollia Barnehage
- Gravemaskinfører søkes - Tveit Maskinservice AS · Tveit Maskinservice AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card