Overlege/spesialist i psykiatri
Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS)/ Kronstad Seksjon for gruppebehandling, Helse Bergen HF · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS)/ Kronstad Seksjon for gruppebehandling, Helse Bergen HF
- Location
- Bergen
- Posted
- October 4, 2026
About this job
Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen,- Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er samlokalisert sentralt på Danmarksplass. Det er seksjon for gruppebehandling som nå søkjer overlege/spesialist. Er du psykiater med interesse for personlegdomspsykiat ri og gruppeterapi? Ønskjer du å vere ein del av eit sterkt terapeutisk og fagleg fellesskap? Seksjon for gruppebehandling er ein spennande arbeidsplass med 17 høgt kvalifiserte medarbeidarar, mellom anna seks psykologspesialistar. Seksjonen har eit breitt og mangfaldig behandlingstilbod, og vi arbeider kontinuerleg for å tilby differensierte behandlingstilbod som møter behova til pasientane og klinikken. Vi har no ledig ei 50% fast stilling som overlege/spesialist i psykiatri. Stillinga gir moglegheit til å vere med på å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø og bli ein del av det veksande psykiaterfellesskapet ved Kronstad DPS. Om seksjonen Seksjonen tilbyr strukturerte polikliniske behandlingsprogram i gruppe med ei integrativ behandlingstilnærming. Alle gruppene blir leia av to terapeutar. Vi tilbyr psykoterapeutiske gruppetilbod av varierande lengd for pasientar med samansette psykiske vanskar. Utgreiing av pasientar er òg ei sentral oppgåve i seksjonen. Pasientgruppa er samansett, med hovudvekt på personlegdomsforstyrringar, angstlidingar, depresjon og livskriser. Ved behov tilbyr vi individuell oppfølging som del av behandlingsforløpet. Seksjonen tilbyr mentaliseringsbasert behandling (MBT) for pasientar med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring, og har i tillegg eigne behandlingsprogram for pasientar med engsteleg unnvikande personlegdomsproblematikk. HIT-høgintensiv trening som terapi er også ein del av korttidstilbodet ved gruppeseksjonen Kven søkjer vi? Vi søkjer ein psykiater som kan ha medisinansvar i seksjonen. Det er ønskjeleg at den som blir tilsett, er allsidig og fleksibel i si tilnærming til behandling, og positiv til å delta i både gruppe- og individualterapi. Søkjaren sin kompetanse, erfaring og interesseområde vil kunne påverke innhaldet i stillinga. På sikt kan det òg vere aktuelt å etablere LIS-stilling i seksjonen. Fagmiljø og utviklingsmoglegheiter Seksjonen utgjer eit sentralt fagmiljø i Bergen innan personlegdomsretta og gruppeterapeutiske behandlingsmetodar. Vi deltek i forskingssamarbeid gjennom Nettverk for personlegdomsforstyrringar, eit nasjonalt nettverk for personlegdomsretta behandlingsprogram i Noreg. Oppstart etter nærare avtale. Arbeidsoppgåver Medisinskfagleg ansvar i seksjonen Utgreiing, vurdering og behandling av tilviste pasientar Vere behandlar både individuelt og i gruppe Indirekte spesialistansvar Deltaking i den faglege utviklinga av seksjonen Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Godkjend, eller snart godkjend spesialist i vaksenpsykiatri Erfaring med pasientgruppa Kjennskap til gruppeterapi Kjennskap til mentaliseringsbasert terapi Forskningskompetanse og ønskje om å støtte opp om eksisterande forskingssamarbeid i nemnde forskingsnettverk vil telje positivt. Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Søkjar bør vere i stand til å ta i bruk nye metodar og ha ei open og nysgjerrig haldning til nye utfordringar Søkjar bør vere fleksibel, ha gode samarbeidsevner og vere løysingsorientert Personlege eigenskapar blir lagt vekt på Vi tilbyr Arbeid i høgt kvalifisert fagmiljø med psykologspesialistar, psykolog, psykiatriske sjukepleiarar, spesialiserte fysioterapeutar og ergoterapeutar, sosionom, erfaringskonsulent, IPS konsulent m.m. Vi har tverrfagleg teamarbeid som i praksis fungerer svært bra Eit miljø med høg kompetanse innan gruppereapeutiske behandlingsmetodar Engasjerte medarbeiarar Eit godt arbeidsmiljø og utfordarande arbeidsoppgåver i ein spesiell og spennande seksjon Opplæring blir gitt etter behov Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Eirik Hjermann, Psykologspesialist, Lars Onsrud, Klinikkoverlege, Arbeidsstad Fjøsangerveien 36 5053 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5189467425 Stillingsprosent: 50% Fast Søknadsfrist: 18.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Vizir søker: IT Revisor · Vizir As
- Vizir søker: Erfaren – Statsautorisert Regnskapsfører · Vizir AS
- Painters for rotational work in Bergen! Free accommodation · Lys Bemanning As
- Er du sulten på å tjene penger? · ABMARKETING AS
- Senior Financial Controller - regnskap og rapportering - Osland AS · OSLAND AS
- Undervisningsstillingar i ulike realfag · Vestland fylkeskommune
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card