Sjukepleiar/Vernepleiar Gotatoppen

Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune · Sandane

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Location
Sandane
Posted
October 4, 2026

About this job

Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har spennande stillingar ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri. Vi søkjer etter engasjerte og dyktige sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit. Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen, Det er åtte brukarar på kvar avdeling. Gjennom metoden VIPS har vi implementert personsentrert omsorg i avdelingane. Vi har ledig ei fast stilling i 100 % som sjukepleiar/vernepleiar, anna stillingsprosent er og aktuelt. I tillegg har vi ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar frå no og til 13.09.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt. Fast stilling kan bli mogleg. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Du har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar: hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål legemiddelhandtering sjukepleiar-/vernepleiarfaglege oppgåver dokumentasjon tverrfagleg samarbeid rettleie studentar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar Vi søkjer etter deg som held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte Vi tilbyr Varierte og lærerike arbeidskvardagar Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Stilling organisert i årsturnus For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat. Kontaktinformasjon Marion Bolstad Fløtre, Konstituert avdelingsleiar, Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, Arbeidsstad Grandavegen 9 6823 Sandane Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5189641129 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikar Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 13.09.2027 Søknadsfrist: 25.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free