Bli ein del av pedagogane sitt Kraftlag i barnehagane i Suldal

Suldal kommune Vinjar barnehage · Suldalsosen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Suldal kommune Vinjar barnehage
Location
Suldalsosen
Posted
October 4, 2026

About this job

Pedagogisk leiar i Vinjar barnehage avdeling Nesflaten Me ønskjer deg som set borna i fokus. Om oss: Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar, - frå mindre barnehagar med minstetal 6 plasser, til oppvekstsenter og større einingar med over 80 plasser - alle med sine eigne kvalitetar. Avd. Nesflaten er den minste avdelinga i Suldalsbarnehagane lokalisert i bygda Nesflaten, denne avdelinga er ein del av Vinjar barnehage på Suldalsosen. Frå hausten 2027 skal Nesflaten driftast som oppvekstsenter med barnehage, skule og SFO. Me jobbar saman mot målet: «Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring» Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal. Er du klar? Me treng deg! Kven ser me etter? Du har godkjent barnehagelærarutdanning. Du planlegg og gjennomfører aktivitetar som vekker nysgjerrigheit, motivasjon og utvikling hos borna. Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg. Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt. Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre. Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i barnehagen sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt barnehagemiljø. Kraftlaget – kva får du hos oss? Arbeidsmiljø Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag. Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget. Fleksibilitet og kvardagsliv Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon. Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner Utviklingsmoglegheiter Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk. Bu i Suldal Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt. Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar. Hjå oss i Suldal kommune får du: Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø Engasjerte og dyktige kollegaer Bedriftshelseteneste Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff Nynorsk som administrasjonsspråk Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette Andre opplysningar: Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg. Link til søknadsskjema: Søk her

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free