Sjukepleiar
Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF · Ålesund
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Ålesund
- Posted
- October 4, 2026
About this job
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!! Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr Vi har ledig: 100 % fast stilling 90 % fast stilling 80 % fast stilling 80 % fast stilling Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale. Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er vi åpne for anna stillingsfordeling og/eller fleire tilsetjingar. Skriv gjerne i søknaden kva stillingsprosent du ønskjer. Det kan også vere mogelegheit for rein nattevaktsstilling om det er ønskeleg. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Arbeidsoppgåver Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane. Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve. Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar. Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik. Rettleiing av studentar og kollegaer. Samhandling med kommunar. Kontinuerlig forbetringsarbeid. Kvalifikasjonar Du har dei formelle kvalifikasjonane og har norsk autorisasjon som sjukepleiar. Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2. Det er ønskeleg med kompetanse frå spesialisthelsetenesta innan fagområda slag, geriatri eller ortopedi, men det er ikkje eit krav. Evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet. Personlege eigenskapar Du er ansvarsbevisst og strukturert Du har eit fagleg engasjement Du viser fleksibilitet og evne til omstilling Du er ein god teammedarbeidar, men jobbar også godt sjølvstendig Du har gode kommunikasjonsferdigheiter Du er positiv og har gode haldningar Du er pasientorientert Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! Kontaktinformasjon Ellen I Lagabø Molnes, Seksjonsleiar,, Arbeidsstad Åsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5187628543 Stillingsprosent: 100, 90, 80% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 18.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Teknisk inspektør · Rederi, fyr og sjømerking, Kystverket
- ansatt 1 stk 100% i 3 mnd med mulighet for fast jobb etter endt 3 mnd. · Hellevik Transport As
- Er du vår nye superhelt medarbeider? 30%-stilling · Big Bite
- 100% stilling som barnehagelærer - vikariat · Læringsverkstedet Åse Barnehage AS
- Engasjert selger med MOT, GLEDE og BEGEISTRING! · Power Norge AS
- Lege i spesialisering anestesiologi · ANESTESILEGER OG SMERTEPOLIKLINIKK ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card