Fritidskontaktar/ avlastar- Helse og velferd
Øygarden kommune Forvaltning og støtteteneste · Straume
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Øygarden kommune Forvaltning og støtteteneste
- Location
- Straume
- Posted
- October 4, 2026
About this job
Øygarden kommune har behov for fleire fritidskontaktar (støttekontaktar) i Helse og velferd som kan bidra til at andre får moglegheit til ei meir aktiv og sosial fritid. Øygarden kommune har også behov for private avlastare som kan bidra med å gi familiar eit pusterom i kvardagen. Er du ein person som trivast i samspel med andre og ønskjer å utgjere ein skilnad for nokon? Send gjerne ein søknad eller ta kontakt for ein uforpliktande samtale. Arbeidsoppgåver: Leggje til rette for at den du er fritidskontakt for får ei meiningsfull fritid med gode opplevingar. Innhald og omfang vil variere ut ifrå ulike typar oppdrag og behov. Eit oppdrag vil vanlegvis omfatte 3-4 timar per veke. Avlastning varierer ut i frå omfang og behov, avlastning kan innebere nokre døgn i månaden eller på timebasis. Eg er ein utadvendt og sosial gut på 11 år som treng ein trygg vaksenperson Eg likar veldig godt å vere saman med andre. Eg elskar gaming, fotball og basketball, og er veldig glad i å sykle og interessert i bilar. Eg er også veldig glad i dyr, så det er eit stort pluss om du har hund eller katt. Det er også fint om du har bil. Det er ikkje noko problem om du har eigne barn. Eg synest det kan vere vanskeleg å vere åleine, og treng derfor ein trygg vaksen som kan vere saman med meg når familien min treng litt avlasting. Eg ser etter nokon som kan hente meg på skulen på fredagar og/eller vere saman med meg på laurdagar. Avlastinga er 16 timar i tillegg til eitt døgn i månaden. Eg kan bli ganske fort sliten, og likar derfor best ein kombinasjon av litt aktivitet og rolege aktivitetar. Vi kan til dømes game, sjå film, spele fotball eller basketball, sykle, lage mat eller berre slappe av heime. Det viktigaste for meg er å ha det hyggeleg saman med ein trygg vaksen. Eg kan bruke litt tid på å bli trygg på nye menneske, så det er fint om du er tolmodig og let oss bli kjende i mitt tempo. Når eg først blir trygg på deg, håpar eg vi kan få mange fine opplevingar saman. Eg treng ein vaksen som er roleg, omsorgsfull, stabil og flink til å halde avtalar. Viss dette høyrest ut som noko for deg, håpar eg du tek kontakt, så kan vi bli kjende! Jente på 18 som er på leit etter ny fritidskontakt Eg er en jente på 18 år med barneautisme. Eg elsker å svømme i basseng og liker å gå stolpejakt. Ønsker ei dame med bil som kan ta meg med på bading tysdager eller torsdager. Eg er ei glad, grei og sosial kvinne på 31 år som ønskjer fritidskontakt. Eg bur sentralt på Straume på Sotra. Då eg nyttar rullestol og har utviklingshemming, har eg behov for en person å være saman med på fritida nokre timar i veka og som kan følgje meg for å gjere ting eg likar. Noko av det eg likar å gjere saman med fritidskontakt er å få følgje til "klubben", gå ein tur saman med, eller ta ein tur til byen og gjerne gå på kafé. Tur til Fløyen er kjempekjekt og eg er også opptatt av dyr. Eg har eigen bil. Eg har verbalt språk, men bruker også litt 'teikn til tale' og bilete for å gjere meg forstått. Eg forstår det meste som vert sagt til meg. Eg har dessverre ikkje hatt fritidskontakt den siste tida og det har eg sakna veldig. Eg håper å få ein ny fritidskontakt og det gler eg meg til. Gut på 14 år som er på leit etter ein følgjesven Eg er ein gut på 14 år som treng ein fritidskontakt. Det hadde vore kjekt om du er ein ung vaksen mann/ungdom. Eg går på ulike aktivitetar, blant anna fotball og kulturskule. Eg treng at du er med meg på ein av desse aktivitetane. Veldig kjekt om du har sertifikat i tillegg. Kvalifikasjoner: Personlege eigenskapar vert vektlagd, det er ikkje krav til utdanning og erfaring Du må vere over 18 år Førarkort og tilgang på bil er ein fordel Du må ha gode munnlege norskkunnskapar Personlege eigenskapar: Vere sosialt engasjert, ha evne til å sette i gang aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre Vere ein god rollemodell, vere trygg på seg sjølv og ha evne til å samarbeide og motivere Ansvarsbevisst: det er viktig å halde avtalar og vere påliteleg Ha fokus på meistring og brukarmedverknad Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter Vi tilbyr: Ein kontaktperson i Helse og velferd som har ansvar for rettleiing og oppfølging.Rettleiing er viktig både for eigen trivsel og følelse av å meistre oppdraget, men også i høve til kvalitet og forsvarlegheit i tilbodet til tenestemottakar. Løn: Døgn 107 kr per time,Timeavlastning og fritidskontakt er 223,95 per time Utgiftsdekning: dokumenterte utgifter vert dekka inntil beløp spesifisert i oppdragsavtalen Køyregodtgjersle: Som fritidskontakt kan du skrive køyring under oppdrag. Dette vert dekka etter statens regulativ inntil totale km spesifisert i oppdragsavtalen. Anna: Teieplikt – Inneber at du ikkje skal la utanforståande få kjennskap til personlege forhald rundt den du er fritidskontakt for Politiattest - Det vert kravd politiattest for personar som skal yte helse- og omsorgstenester (jf. lov om kommunale helse og omsorgstjenester § 5 - 4). Du vil få ei tilbakemelding på søknaden, og eventuelt bli kalla in
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Holdbart Alna Senter søker butikkmedarbeider · Holdbart As Avd Alnabru
- Taktekker søkes · Norgestak
- Pedagogisk leder småbarnsavdeling - Tertnesparken barnehage · Tertnesparken Barnehage As
- Kveldsjobb i Kristiansand: Møtebooker – fast 200 kr/t + inntil 500 kr bonus hver dag · At Ventilasjon As
- Veterinær søkes til privat smådyrklinikk · Malangen Veterinærkontor As
- Vil du jobbe med bil? Fleksibel deltidsjobb hos Vanly Varebilutleie (20–50%) · Vanly As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card