Engasjert Matvert

Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF · Bergen

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF
Location
Bergen
Posted
October 4, 2026

About this job

Matvert - 15% fast stilling Er du glad i mat, menneske og gode serviceopplevingar? Då kan dette vere jobben for deg! Helse Bergen søkjer ein engasjert og serviceinnstilt matvert til ei 15% fast stilling ved ein av våre matstover på Haukelandsområdet. Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, og arbeid kvar tredje helg. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen. Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at me har nøgde medarbeidarar og brukarar. Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar. Matstovene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 matstover. Arbeidsoppgåver Bidra med matomsorg til pasientar Bestilling, tillaging og servering av måltid Reinhald, oppvask og rydding Kvalifikasjonar Gode kommunikasjonsevner: Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg Erfaring frå kjøkken/kantine: Tidlegare erfaring i ei liknande rolle. (søkar med fagbrev som kokk blir føretrekt) Kjennskap til IK-mat: Du må ha forståing for internkontroll og kvalitetssikring i matlaging Gode IT-kunnskapar: Du må vere komfortabel med bruk av dataverktøy og programvare Matfagleg interesse: Du har ei sterk interesse for mat og ernæring Fagbrev som kokk er ønskeleg Personlege eigenskapar Fagleg interesse og engasjement Serviceinnstilt og imøtekommande Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre Strukturert og nøyaktig Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø Ha respekt for kvar enkelt pasient Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene Vi tilbyr Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN" Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Høgt fagleg nivå Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Åge Nilsen, Dritskoordinator, Tom Jari Pakkala, Dritskoordinator, Arbeidsstad Jonas Lies vei 69 5021 Bergen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5190476444 Stillingsprosent: 15% Fast Søknadsfrist: 01.11.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free