Førsteamanuensis i rettsvitskap
Universitetet i Bergen · Bergen
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Universitetet i Bergen
- Location
- Bergen
- Posted
- October 4, 2026
About this job
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Førsteamanuensis Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast stilling (100 %) som førsteamanuensis i rettsvitskap. Det juridiske fakultet har om lag 2400 studentar, rundt 30 ph.d.-kandidatar og 130 tilsette. Fakultetet tilbyr master i rettsvitskap, ph.d.-program i rettsvitskap, LLM i EU- og EØS-rett og har eit aktivt nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid. Fakultetet skal ytterlegare styrke sin posisjon som eit rettsvitskapleg kunnskapssentrum. Forskarane og fagmiljøa bidreg til utvikling av den rettsvitskaplege forskingsfronten samtidig som vi utdannar juristar som kan ta rettssamfunnet vidare. Fakultetet er ein effektiv og framtidsretta organisasjon der den enkelte tilsette bidreg til utvikling og har fagleg fridom. Arbeidsstaden er Bergen. Fakultetet har ein levande campus i byen. Vi arbeider best saman med tilsette og studentar fysisk til stades. Arbeidsoppgåver/forskingsområde: Forsking i rettsvitskap. Fakultetet sin strategi byggjer på dei sterke forskingsmiljøa vi har utvikla. Vi skal styrke forskinga på grunnleggjande utfordringar i rettssystemet og tidsaktuelle problemstillingar. Forskinga skal vere orientert mot den internasjonale forskingsfronten, skje over tradisjonelle disiplingrenser i rettsvitskapen og i dialog med andre vitskapsdisiplinar. Undervisning i obligatoriske emne på masterprogramma i rettsvitskap, der Bergensmodellen med studentaktiv og problembasert læring stadig er i utvikling. Rettleiing av og undervisning for ph.d.-kandidatar og bedømming av ph.d.-prosjekt. Bidra med undervisning i LLM-program og etter- og vidareutdanning. Bidra til vidareutvikling av studieprogramma og forskingsmiljøa ved fakultetet, delta aktivt i forskingsmiljøa og verke med til utvikling av søknader om ekstern forskingsfinansiering. Normalt vil nærare 50 % av arbeidstida vere sett av til forsking og forskingsrelatert verksemd, og nærare 50 % av arbeidstida til undervisning og undervisningsrelatert verksemd (m.a. rettleiing og eksamen) inkl. administrativ verksemd. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Du må: Ha norsk mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning og norsk doktorgrad i rettsvitskap eller tilsvarande rettsvitskapleg kompetanse. Ha minst eitt fagfellevurdert publisert arbeid som gjev ein djuptgåande analyse av spørsmål av betydning for norsk rett med utgangspunkt i nasjonale, folkerettslege eller andre internasjonale rettskjelder. Ha brei undervisningskompetanse i dei emna som er obligatoriske på masterprogramma og du må kunne undervise på norsk eller eit skandinavisk språk ved tilsetjing. Søkarar som ikkje dokumenterer norsk på minst nivå B2 vert ikkje tekne i betraktning. Ha interesse for arbeid med søknader om ekstern forskingsfinansiering og oppfølging av innvilga prosjekt. Ha utdanningsfagleg kompetanse, det vil seie pedagogisk eller didaktisk kompetanse til å fremje læring, mellom anna kunnskap og ferdigheiter i utvikling og gjennomføring av undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. For meir informasjon, sjå " Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB ". Dersom du ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år. Vere motivert for å bidra til kvalitetsutvikling av forsking, utdanning, formidling og fagmiljø ved fakultetet. Ha gode samarbeidseigenskapar og vise evne og motivasjon til å bidra til oppbygginga av eit godt fagmiljø innanfor den etablerte strukturen for senter og forskargrupper ved fakultetet. Det er ein fordel om du: Kan dokumentere gode pedagogiske kvalifikasjonar, til dømes om du har erfaring med problembasert læring. Har erfaring som forskingsprosjektleiar. Har erfaring med administrativt arbeid knytt til forsking og utdanning. Har erfaring med populærvitskapleg formidling og med å arbeide fagpolitisk. Vi tilbyr: Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) med årsløn kr 850 000 - 960 000 i det statlege lønsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Medlemskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar Søknaden skal innehalde: Eit motivasjonsbrev der du gjere greie for måla dine for forskingsaktiviteten og korleis du kan bidra til utvikling av undervising og forsking i rettsvitskap ved fakultetet. CV Vitnemål og attestar. Namn og kontaktopplysningar til minst to referansar som kan stadfeste korleis du er som undervisar. Fullstendig publikasjonsliste. Ei utdanningsfagleg mappe som dokumenterer din utdanningsfaglege kompetanse. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfar
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Vizir søker: Erfaren kandidat innen Microsoft Dynamics 365 · Vizir AS
- Vizir søker: IT Revisor · Vizir As
- Vizir søker: Erfaren – Statsautorisert Regnskapsfører · Vizir AS
- Painters for rotational work in Bergen! Free accommodation · Lys Bemanning As
- Er du sulten på å tjene penger? · ABMARKETING AS
- Senior Financial Controller - regnskap og rapportering - Osland AS · OSLAND AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card