Maskinsjef Askvoll-Værlandet
Fjord1 - Maritim Drift · Askvoll
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Fjord1 - Maritim Drift
- Location
- Askvoll
- Posted
- October 4, 2026
About this job
Vi søker maskinsjef til vikariat til MF Nordfjord som trafikkerer sambandet Askvoll-Værlandet. Skiftordning er mandag-onsdag, fredag-mandag og onsdag-fredag, deretter 9 dagar fri. Du arbeider dag/kveld. Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. Vikariatet går frå 15.10.26-31.1.27. Vi er også interessent i å komme i kontakt med maskinsjefar som kan ta vakter ved behov. Det er ein fordel at søkar bur lokalt. Vi vurderer kandidatar fortløpande. Arbeidsoppgåver Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet. Kvalifikasjonar Kompetansesertifikat minimum M3 FSE e-læringskurs Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med teknisk innsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Samarbeidsevne og eit sterkt fokus på sikkerheit er avgjerande hos oss. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Det Norske Maskinistforbund Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer. Kontaktinformasjon Siv Mette Furnes, Bemanningskoordinator,, Arbeidsstad 6980 Askvoll Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5190496054 Stillingsprosent: 100% Engasjement Søknadsfrist: 20.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Takserer søkes til bilskadeverksted på Ottestad · Sky Rekruttering As
- Renholder · VESTRE SLIDRE KOMMUNE HELSE OG OMSORG ADMINISTRASJON
- Kundemottaker / takserer – Werksta Ottestad · Sky Rekruttering As
- Vi søker en god person som liker å leke og å være sammen med barn · Stiftelsen Sollia Barnehage
- Gravemaskinfører søkes - Tveit Maskinservice AS · Tveit Maskinservice AS
- Lastebilsjåfør klasse CE søkes – Tveit Maskinservice AS · Tveit Maskinservice AS
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card