Politibetjent 3/2/1 - etterforskningGDE Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord
Sør-Vest politidistrikt · Sauda
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Sør-Vest politidistrikt
- Location
- Sauda
- Posted
- October 1, 2026
About this job
Om stillinga Vil du etterforske saker som betyr noko, og utvikle deg i eit av politiet sine kjernefag? Me har ledig fast stilling som etterforskar (politibetjent 3/2/1) ved seksjon for etterretning og etterforskning, med arbeidsstad i Sauda. Som etterforskar hjå oss får du ansvar for eigen saksportefølje og jobbar tett med kollegaer, politifagleg etterforskingsleiar og påtale. Du planlegg og gjennomfører etterforskingsskritt, held sakene i gang og stiller opp når dei tyngste sakene krev meir enn éin person. Kvardagen vekslar mellom straksetterforsking, avhøyr, saksarbeid og samarbeid på tvers. Etterforskarane våre tenestegjer også på forsterkingslista til patrulje kvar tredje eller fjerde helg. Difor må du ha IP4-godkjenning, eller kunne få IP4-godkjenning på nytt. Me søkjer deg som vil arbeide med etterforsking, trivst med ansvar og vil levere arbeid med høg kvalitet. Hjå oss blir du ein del av eit dyktig fagmiljø med rom for opplæring, rettleiing og fagleg utvikling. Ved Sauda Politistasjon har me eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der dei tilsette får høve til å dyrka interessene sine. Sauda Politistasjon flytta inn i nye flotte lokale hausten 2025 og har mellom anna fått eit heilt nytt treningsrom for dei tilsette. Ved å bu i Sauda, får ein gode høve til eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter. https://visitsauda.no. Sauda har eit rikt fritidstilbod med mellom anna ny klatrehall, eit aktivt idrettslag, golfbane, skisenter m.m. Ved busetjing i Sauda, kjem ein inn under ordninga for sletting av studielån inntil kr. 25.000,- pr. år https://regjeringen.no. Dette ser me etter hos ein ny medarbeidar Me ser etter motiverte personar som er interesserte i å møta utfordringar knytte til kriminalitetsnedkjemping. Me stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer me medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane sine og handlingar i det daglege arbeidet sitt. Evna til å vera trygg, nærverande, lydhøyr og dessutan å byggja tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko me vil leggja vekt på, saman med ha evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver Planleggje og gjennomføre etterforsking i tildelte straffesaker Følgje opp eigen saksportefølje Gjennomføre avhøyr og andre etterforskningsskritt Bidra til straksetterforsking Samarbeide med politifagleg etterforskningsleiar, påtale og øvrige einingar Tjenestegjere på forsterkningslista til forebyggjande politipatrulje kvar 3. eller 4. helg Kvalifikasjonar Dette må du ha for å vera kvalifisert: Bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skolen Inneha IP4-godkjenning, eventuelt må du kunna regodkjennes For tilsetjing som politibetjent 3/2 må kompetansekritera for stillinga vera oppfylte, og eige skjema blir lagt ved søknaden Kompetansekriterieskjema for pb 3 og kompetansekriterieskjema for pb 2 lastes ned ved å følge lenkene God skriftleg og munnleg formuleringsevne Det er også ønskjeleg med: Relevant tilleggsutdanning og erfaring frå fagområdet Språkkompetanse utover engelsk Mangfaldskompetanse (eksempelvis studier i kultur, mangfald eller språk, erfaring eller arbeid frå fleirkulturelle ungdomsmiljø, land- og kulturkompetanse, kunnskap om minoritetar og liknande) Kjennskap til GDE4 sitt geografiske ansvarsområde Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet, og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterlova § 41. Det vil bli gjennomført skikkaheitsvurdering i samband med denne rekrutteringa. Personlege egenskaper • Motivasjon for etterforsking • Trivst med ansvar for eigne saker, både åleine og i team • Strukturert, og evne til å halde sakene i gang • God arbeidskapasitet og evne til å prioritere • Gode samarbeidsevner • Fleksibel • Bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinene våre og medarbeiderplattform Dette kan me tilby om du vel oss her. Dette kan me tilby om du velger oss Stillinga er lønna som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457) med årslønn: politibetjent 3: kr. 600 000, - brutto pr. år politibetjent 2: kr. 520 000, - brutto pr. år politibetjent 1: kr. 510 000, - brutto pr. år politibetjent 3/2/1 som er tilsett ved seksjon for etterretning og etterforsking får eit etterforskingstillegg på hhv kr. 60.000,- pr. år for politibetjent 3, kr. 50.000,- pr. år for politibetjent 2/kr. 25.000,- pr. år for politibetjent 1. Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Gode arbeidsbetingelsar Sletting av studielån inntil kr. 25.000,- pr. år (ref. https://regjeringen.no ) Foruts
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Helsesekretær Hamar Øyelegesenter · Øyelege Øyvind Mattsson As
- Billakkerer · Sky Rekruttering As
- Organisasjonsrådgiver - gjør en forskjell for studentene på UiO · Studentparamenent Ved Univ I Oslo
- Erfaren vaktmester · Lillestrøm Kirkelige Fellesråd
- FDV-ingeniør søkes - bli med på å forme fremtidens jernbane! · Bane NOR SF
- Erfaren stillasmontør · Nog Entreprenør As
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card