Overlege/spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar

Gynekologiske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF · Volda

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Gynekologiske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Location
Volda
Posted
October 1, 2026

About this job

Volda sjukehus søkjer to dyktige spesialistar i fødselshjelp og kvinnesjukdommar. Vi ønskjer allsidige spesialistar med gode samarbeidsevner. Vi tilbyr ein aktiv og variert arbeidsdag i eit sterkt og triveleg fagmiljø. Vi har rundt 500 fødslar i året, i låg til moderat risikogruppe. Vi har ikkje barneavdeling, men det er knytt barnelege til barselavdelinga. Anestesiseksjonen har ansvar for akuttsituasjonar med nyfødde. Innan gynekologi dekkjer vi utgreiing, behandling og operasjonar av alle vanlege gynekologiske tilstandar. Vi har eit tett og godt fagleg samarbeid med resten av sjukehuset lokalt, og med kvinneklinikken i Ålesund. Vi er opptekne av fleksibilitet og ønskjer å finne gode løysingar for aktuelle kandidatar. Vi kan vurdere fleksible turnusløysingar og arbeidsplanar som gir moglegheit for samanhengande arbeidsfrie periodar, og vi er òg opne for å vurdere redusert stillingsprosent. Du er velkomen til å ta kontakt med oss for meir informasjon! Arbeidsoppgåver Du vil få spennande faglege oppgåver knytte til føde, barsel, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sengepost. Vi vil truleg leggje opp til ei 5- eller 6-delt vaktordning, avhengig av talet på overlegar Du vil medverke til å utvikle fagområdet på sjukehuset Du vil vere ein pådrivar og inspirator i arbeidet med å utvikle tilbodet vårt Du har evne til å leie og arbeide godt i team Du deltek i og legg til rette for spesialistutdanning for LIS Kvalifikasjonar Du har norsk autorisasjon som lege og norsk spesialistgodkjenning i fødselshjelp og kvinnesjukdommar Du meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk godt, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er fagleg dyktig og engasjert Du kommuniserer på ein måte som skaper tillit hjå pasientar og kollegaer Du trivst med ein aktiv og krevjande arbeidskvardag Du vil medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø Du er fleksibel og bidreg der kompetansen din trengst Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Hjelp til å skaffe bustad Godtgjersle i samband med flytting kan vurderast Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her. Kontaktinformasjon Vilde Lund Osdal, Seksjonsleiar, Arbeidsstad Kløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5187771005 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free