Skipsførar i 3:3 turnus

Fjord1 - Maritim Drift · Dalsøyra

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Fjord1 - Maritim Drift
Location
Dalsøyra
Posted
October 1, 2026

About this job

Vi søkjer no ein skipsførar til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg. På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i ein periode på tre veker. Deretter har du tre veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bufasiliteter det døgnet ein har fri. Fjord1 dekker reisekostnader for strekningar over 30 km mellom busted og arbeidsstad. Dette gjelder ved oppstart og avslutning av arbeidsperioden, altså første og siste arbeidsdag. Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Stillinga inneber stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke drifta i det daglege. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med kollegaer både om bord og på land. I Fjord1 får du ein trygg arbeidsplass i eit selskap som tenkjer framover, eit samansveisa og støttande kollegamiljø, og ein fleksibel turnus som gir deg god balanse mellom arbeid og fritid. Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg! Ønskjeleg med snarleg oppstart. Vi vurderer kandidatar fortløpande. Arbeidsoppgåver Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus. Kvalifikasjonar Minimum D3-sertifikat GMDSS/ROC-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Ferdighetssertifikat medisinsk behandling Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språk muntlig og skriftlig Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund. Skiftordning: Døgnskift, 3 veker på og 3 veker av, byttedag mandag. Dekket reisekostnader for strekningar over 30 km mellom busted og arbeidsstad. Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår! Kontaktinformasjon Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider,, Arbeidssted Fv57 5953 Fonnes Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5188978979 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free