Kokk

Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune · Harøy

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Location
Harøy
Posted
October 1, 2026

About this job

Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har ledig 100% fast stilling som kokk i storkjøkken, avd. Sandøy kjøkken. Oppstart etter avtale. Arbeidsgivar kan drøfte annan stillingsprosent. Stillinga er innplassert i arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune. Andre avdelingar i Sandøy omsorgsdistrikt er sjukeheim, bukollektiv, dagsenter, heimetenester. Storkjøkkenet tilbereder mat til institusjon - sjukeheim, bemanna bukollektiv og dagsenter. I tillegg tilberedes det mat til heimebuande med vedtak matombringing etter kok-server prinsipp. Kjøkkenet driftar Nærmiljøkafe og tek på seg catering oppdrag ut frå kapasitet. Som kokk i storkjøkken i Sandøytunet bidreg ein til gode pasientforløp med god ernæring til pasientar og brukarar. Ein er og ein viktig bidragsytar i sosiale møteplassar gjennom matservering i Nærmiljøkafe. Omsorgsdistriktet er eit lokalsamfunn med fleire øyar, der Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse -Nordøyvegen. Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur. Arbeidsoppgåver Tilberedning av varme og kalde rettar, kaker og desserter, spesialkost av ulike variantar, tradisjonsmat til høgtider Sikre måltid av god ernæringsmessig kvalitet i tråd med gjeldande avtalar og retningslinjer Oppgåver knytt til drift av kafe Følge rutiner for mattrygghet og reinhald i kjøkken Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar. Samarbeid med interne/eksterne aktørar. Kvalifikasjonar Fagbrev som kokk Relevant erfaring frå institusjonskjøkken er ein fordel Søkere under utdanningsforløp innen faget kan bli vurdert God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR) Beherske IKT-verktøy Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben. Det forutsettes at den som skal tilsettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov Personlege eigenskapar Trygg, tydeleg og engasjert Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar Sjølvstendig og samarbeidsorientert Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Nytenkande og endringsvillig Personlege eigenskaper blir vektlagt Vi tilbyr Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø Fagleg påfyll etter virksomhetens behov Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff Pensjonsordning i henhold til tariff Bedriftshelsetjeneste IA bedrift Kontaktinformasjon Renate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy,, Arbeidsstad Austrevegen 15 6296 Harøy Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5188103072 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.10.2026

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free