2 stillingar à 100% som prosjektleiar ved Prosjekt og utvikling

Ullensvang kommune Prosjekt og utvikling · Odda

Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.

You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.

Company
Ullensvang kommune Prosjekt og utvikling
Location
Odda
Posted
October 1, 2026

About this job

Me søkjer etter prosjektleiarar til Prosjekt og utvikling Vil du vera med å vidareutvikle Ullensvang kommune? Me treng dyktig, løysingsfokusert og positiv prosjektleiar på laget vårt i Prosjekt og Utvikling - tenesteområde under sektoren Teknikk og Miljø. Her har me ansvar for utvikling og gjennomføring av investeringsprosjekta i kommunen. Ein spanande jobb i eit godt fagmiljø og på ein arbeidsplass det er lett å trivast. Det er stor aktivitet på både store og små investeringsprosjekt i åra som kjem innan nybygg, renovering av kommunale bygg, veg og parkanlegg, ras- og flaumsikring og VA (vatn- og avlaupsanlegg). Denne stillinga vil jobbe spesielt med prosjekt innan bygg, og me søkjer primært etter deg med erfaring frå prosjektleiing innan dette fagområdet. Arbeidsoppgåver: Hovudansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av prosjekt i alle fasar, frå A-Å. Ansvar for, og sikre at prosjekta vert utført jamfør kontraktar, offentlege krav, lover og forskrifter, (anskaffingslova, byggherreforskrifta, plan- og bygningslova m.m.), interne prosedyrar og rutinar. Syte for godt tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt. Ansvar for anskaffing og oppfølging av samarbeidspartnarar i heile prosessen; t.d. rådgjevande ingeniørar, entreprenørar m.m. Ansvar for planlegging og oppfølging av prosjektorganisasjon og involvering av ulike brukargrupper, styringsgrupper, referansegrupper, ulike kommunale råd m.m. Ansvar for at SHA-planar vert utarbeidde, reviderte og fylgde opp gjennom heile byggeprosessen. Ansvar for god framdrift og samtidig sikre at HMS alltid vert ivareteke. Budsjettansvar for eigne prosjekt. Økonomisk oppfølging og rapportering. Evaluering av gjennomførte prosjekt. Ansvar for at all arkivverdig dokumentasjon vert arkivert i kommunen sitt arkivsystem. Ynskte kvalifikasjonar: Godkjent høgare utdanning innan ingeniørfag eller annan teknisk kompetanse. Anna relevant utdanning eller erfaring kan kompensera for manglande høgare utdanning. Gode digitale ferdigheiter. Erfaring og kompetanse frå prosjektleiing innan byggfag, VA eller vegprosjekt. Erfaring frå kommunal sektor er fordel, men ikkje eit krav. Kunnskap og erfaring innan klima, energi og miljø er ynskjeleg. Struktur- og budsjettdisiplin i prosjektgjennomføring. Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Vårt skriftspråk er nynorsk. Førarkort klasse B, og du må disponere eigen bil i teneste. Me ser etter deg som: Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar. Er løysingsfokusert og ser etter moglegheiter. Er engasjert, fleksibel og likar utfordringar. Er strukturert og resultatorientert. Er målretta og har evne til å jobbe sjølvstendig. Er framoverlent og likar god framdrift. Viser stoltheit for arbeidsplassen og er ein god omdømebyggjar. Trivst med å jobbe tverrfagleg. Er flink til å dele kunnskap og involvere andre. Har positive haldningar og godt humør. Er ein god bidragsytar til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Me tilbyr: Unik moglegheit å vere med å vidareutvikle Ullensvang kommune Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver Utvikling av eigen kompetanse Eit sterkt lag og godt fagmiljø Eit godt og positivt arbeidsmiljø Arbeidsplass i Odda Løn etter avtale Sletting av inntil 25 000 kr av studielån i året (sjå detaljar under). Fleksibel arbeidstid og fleksibilitet i bruk av heimekontor Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen Gode offentlege tariffesta pensjons- og forsikringsordningar Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA-avtale) og fleksibel arbeidstid Tilsettingsdato etter avtale. Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp

Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.

Similar jobs

See if your CV fits this job

Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.

  • Instant match score for this role
  • Tailored cover letter in one click
  • Free — no credit card
Check my CV — free