Helsefagarbeidar 70% fast stilling
Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde · Sogndal
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde
- Location
- Sogndal
- Posted
- October 1, 2026
About this job
Indre Sogn psykiatrisenter, seksjon Døgn har ledig fast 70 % stilling som helsefagarbeidar med fagskuleutdanning i psykisk helsearbeid frå 01.03.2027. Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) organisert i seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag omfattar mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk, spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB-team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar og arbeider aktivt ut mot kommunane i opptaksområdet gjennom ambulant verksemd Vi er samlokalisert med Sogndal BUP, og senteret har om lag 80-90 tilsette. Du kan lese meir om senteret og tilboda våre på Helse Førde si nettside: Indre sogn psykiatrisenter. Vertskommunen er Sogndal, ein av få kommunar utanfor dei største byane som opplever sterk vekst. Eit variert arbeidsliv, gode utdanningsmoglegheiter og ein unik natur gjer regionen attraktiv for både arbeid og fritid. Her ligg tilhøva godt til rette for eit aktivt friluftsliv året rundt. Les meir om regionen her. Vi tilbyr Arbeid saman med dyktige og engasjerte kollegaer i eit tverrfagleg miljø Varierte arbeidsoppgåver og ein aktiv arbeidskvardag Interne fagdagar og undervisning som gir fagleg og personleg utvikling Høve til å ta initiativ og påverke din eigen arbeidskvardag Å ta del i ein organisasjon i utvikling, med fokus på kvalitet i pasientbehandlinga Arbeidsoppgåver Du gir behandling og oppfølging til pasientar i døgnopphald, i samsvar med behandlingsplan Du samarbeider med og involverer pårørande i pasientbehandlinga Du bidreg med faglege innspel til utvikling av tenestene våre Du deltek i miljøterapeutiske aktivitetar som turar, trening, buldring, musikkterapi og sosiale aktivitetar Du samarbeider med kommunehelsetenesta, NAV og andre samarbeidspartnarar Du deltek i legemiddelhandtering etter gjeldande retningslinjer Arbeid i turnus (dag/kveld) med arbeid kvar tredje helg. Den som blir tilsett må vere innstilt på at det kan bli endringar til langvakter Personlege eigenskapar Du møter pasientar med respekt, ro og eit ope sinn Du arbeider strukturert og målretta, og finn gode løysingar i kvardagen Du trivst med å samarbeide i tverrfaglege team og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du er motivert for fagleg utvikling og ønskjer å lære Personlege eigenskapar blir lagt vekt på. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar Relevant fagskuleutdanning innan feltet vil bli vektlagt, men er ikkje eit absolutt krav. Interesse for fagfeltet Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Sigrid Snitjer, Seksjonsleiar, (sentral) Arbeidsstad Dalavegen 29 6856 SOGNDAL Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5187722269 Stillingsprosent: 70% Fast Startdato: 01.03.2027 Søknadsfrist: 14.10.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Renholder · VESTRE SLIDRE KOMMUNE HELSE OG OMSORG ADMINISTRASJON
- Kundemottaker / takserer – Werksta Ottestad · Sky Rekruttering As
- Vi søker en god person som liker å leke og å være sammen med barn · Stiftelsen Sollia Barnehage
- Gravemaskinfører søkes - Tveit Maskinservice AS · Tveit Maskinservice AS
- Lastebilsjåfør klasse CE søkes – Tveit Maskinservice AS · Tveit Maskinservice AS
- Barnehagelærer vikariat · Løvstad Naturbarnehage Sa
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card