Vikariat som lege i spesialisering (LIS2/3)
Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde · Sogndal
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Indre Sogn psykiatrisenter, Helse Førde
- Location
- Sogndal
- Posted
- October 1, 2026
About this job
Vi søkjer lege i spesialisering (LIS2/3) til eit eittårig vikariat i perioden 01.03.2027 til 01.03.2028. Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne distriktspsykiatrisk senter (DPS) organisert i seksjonane Dag og Døgn. Seksjon Dag omfattar mellom anna allmennpsykiatrisk poliklinikk med spissa satsing på alderspsykiatri, jobbspesialistar og TSB-team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar og arbeider aktivt ut mot kommunane i opptaksområdet gjennom ambulant verksemd. Vi er samlokalisert med Sogndal BUP, og senteret har om lag 80-90 tilsette. Du kan lese meir om senteret og tilboda våre på Helse Førde si nettside: Indre Sogn psykiatrisenter. Vertskommunen er Sogndal, ein av få kommunar utanfor dei største byane som opplever sterk vekst. Eit variert arbeidsliv, gode utdanningsmoglegheiter og ein unik natur gjer regionen attraktiv for både arbeid og fritid. Her ligg tilhøva godt til rette for eit aktivt friluftsliv året rundt. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva er å vurdere, diagnostisere og behandle tilviste pasientar Den som vert tilsett må ventast å ta del i utvikling av fagtilbodet ved avdelinga Delta i vaktordning ved senteret Ein må pårekne å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell) Søkjar må ha førerkort i klasse B Ferdig med LIS1 teneste. Personlege eigenskapar Du har motivasjon og interesse for fagfeltet Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar Vi tilbyr Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Kontaktinformasjon Øyvin Helge Myrmel, Avdelingssjef, Arbeidsstad Dalavegen 29 6856 SOGNDAL Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5187718970 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.03.2027 Sluttdato: 28.02.2028 Søknadsfrist: 01.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Renholder · VESTRE SLIDRE KOMMUNE HELSE OG OMSORG ADMINISTRASJON
- Kundemottaker / takserer – Werksta Ottestad · Sky Rekruttering As
- Vi søker en god person som liker å leke og å være sammen med barn · Stiftelsen Sollia Barnehage
- Gravemaskinfører søkes - Tveit Maskinservice AS · Tveit Maskinservice AS
- Lastebilsjåfør klasse CE søkes – Tveit Maskinservice AS · Tveit Maskinservice AS
- Barnehagelærer vikariat · Løvstad Naturbarnehage Sa
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card