Tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset
Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF · Hjelset
Don’t apply blind. See how your CV matches this role first — free, in 30 seconds.
You will leave NewLuxJob. We do not receive or handle applications.
- Company
- Sengepost Medisin 3 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Location
- Hjelset
- Posted
- October 1, 2026
About this job
Ønskjer du ein meiningsfull ekstrajobb? Bli tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset! Har du erfaring med menneske og eit ønskje om å skape tryggleik for pasientar i ein sårbar fase? Vi søkjer tilkallingsvikarar til oppdrag som fastvakt (1:1) for pasientar med delirium og vandringstendens. Den viktigaste oppgåva di er å bidra til tryggleik, ro og nærvær gjennom miljøtiltak, støtte og omsorg. Tilsetjing vil skje fortløpande. Vi tilbyr: Fleksible vakter på dag, kveld og natt Meiningsfulle arbeidsoppgåver med stor verdi for pasientane Opplæring og støtte frå erfarne medarbeidarar Moglegheit til å utgjere ein viktig forskjell for pasientar og pårørande Ei trygg hand. Eit roleg nærvær. Ein viktig forskjell. Arbeidsoppgåver Vere til stades saman med éin pasient Bidra til tryggleik, struktur og ro Utføre miljøtiltak og førebyggje uro Observere og varsle pleiepersonell ved behov Ikkje ansvar for medisinsk behandling eller sjukepleiefaglege oppgåver Kvalifikasjonar Sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar Student innan helse- og sosialfag Pensjonert helsepersonell Det er ikkje krav om særskild kompetanse, men du bør ha relevant erfaring med å møte, støtte og rettleie menneske Personlege eigenskapar Du er trygg og tillitvekkjande i møte med andre Du er roleg og tålmodig, også i krevjande situasjonar Du er omsorgsfull og empatisk, og viser omtanke for menneska rundt deg Du er ansvarsmedviten og påliteleg, og tek ansvar for oppgåvene dine Du er god til å byggje relasjonar og skape tillit gjennom god kommunikasjon Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her. Kontaktinformasjon Katrine Dalstein Myrvang, Seksjonsleiar,, Arbeidsstad Opdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5188994101 Stillingsprosent: 0% Tilkalling/Timebasis Søknadsfrist: 01.11.2026
Want to know if you're a fit? Check your CV against this role — free, in 30 seconds.
Similar jobs
- Pedagogisk leder småbarnsavdeling - Tertnesparken barnehage · Tertnesparken Barnehage As
- Kveldsjobb i Kristiansand: Møtebooker – fast 200 kr/t + inntil 500 kr bonus hver dag · At Ventilasjon As
- Veterinær søkes til privat smådyrklinikk · Malangen Veterinærkontor As
- Vil du jobbe med bil? Fleksibel deltidsjobb hos Vanly Varebilutleie (20–50%) · Vanly As
- Takserer søkes til bilskadeverksted på Ottestad · Sky Rekruttering As
- Renholder · VESTRE SLIDRE KOMMUNE HELSE OG OMSORG ADMINISTRASJON
See if your CV fits this job
Paste your CV for an instant match score against this role — and get a tailored cover letter in one click.
- Instant match score for this role
- Tailored cover letter in one click
- Free — no credit card